Jacques Charles
fransk fysikar
Jacques Alexandre César Charles (12. november 1746–7. april 1823) var ein fransk fysikar, særleg kjent for undersøkingar av volumendringar til gassar med trykk og temperatur. Han stadfesta Boyle–Mariotte-lova og påviste at ein volumet til ei gassmengd aukar proporsjonalt med temperaturen når trykte er konstant, Charles-lova. Då Charles ikkje offentleggjorde resultata av desse undersøkingane, blir æra for oppdaginga oftast tillagt Gay-Lussac, som publiserte arbeida hans saman med sine eigne undersøkingar i 1802. Charles-lova blir difor ofte kalla Gay-Lussac-lova.
Jacques Charles | |||
| |||
Fødd | 12. november 1746 Beaugency | ||
---|---|---|---|
Død | 7. april 1823 Paris | ||
Nasjonalitet | Frankrike | ||
Område | fysikar, fysikk, matematikk, oppdagelser og oppfinnelser, varmluftsballong, hot air ballooning | ||
Yrke | kjemikar, oppfinnar, aeronaut, matematikar, instrumentmaker, lærd, fysikar, vitskapsperson, flygar | ||
Ektefelle | Julie Charles | ||
Medlem | Centro de Bachillerato Tecnologico Agropecuario No. 18 Det franske vitskapsakademiet |
Charles bygde i 1783 saman med brørne Robert den første hydrogenfylte luftballongen (charlière) og reiste med ein slik ballong 40 km på 2 timar i opptil 3000 meter høgd.
Kjelder
endre- Jacques Alexandre César Charles. (28.02.2013) I Store norske leksikon.