Jacques Hadamard
fransk matematikar
Jacques Salomon Hadamard (8. desember 1865–17. oktober 1963) var ein fransk matematikar.
Han var professor i Bordeaux frå 1893 til 96, ved Sorbonne frå 1896 til 1909 og ved Collège de France frå 1909 til 37. Det viktigaste arbeidet hans var innan funksjonsteorien og særleg potensrekkjer, differensiallikninger, variasjonsrekning og hydrodynamikk. Han gav i 1896, samtidig med de la Vallée-Poussin, det første beviset for den såkalla primtalsatsen. Han skreiv mellom anna An Essay on the Psychology of Invention in the Mathematical Field (1945). Han var æresdoktor ved Universitetet i Oslo ved Abel-minnefesten i 1929.
Kjelder
endre«Jacques Salomon Hadamard» i Store norske leksikon, snl.no.