Jakob Løvø
norsk politikar
Jakob Olsson Løvø (16. februar 1845–20. februar 1929) var ein norsk gardbrukar, lensmann, bankmann og stortingsmann frå Kornstad på Nordmøre. På tinget representerte han Venstre.
Jakob Løvø | |||
Fødd | 16. februar 1845 | ||
---|---|---|---|
Død | 20. februar 1929 (84 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Løvø var gardbrukar på farsgarden frå 1870 til 1897. I tillegg dreiv han fiske og 20 år ein landhandel. Frå 1897 var han lensmann i Kvernes.
Løvø var 5. representant frå Romsdals amt på Stortinget 1886-88. Han var medlem av næringskomite nr 1. Tida 1892-97 var Løvø ordførar i Kornstad. Også medlem av forlikskommisjonen. Åra 1897-1905 var han sparebankdirektør i Kvernes. Då Bremsnes Sparebank vart oppretta i 1908 gjekk han inn som direktør der.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914