Maria av Guise

Maria av Guise (22. november 151511. juni 1560) var dronning av Skottland, gift med kong Jakob V, og mor til Maria Stuart. Ho var skotsk regent frå 1554 til 1560.

Maria av Guise
Maryofguise1.jpg
FranskMarie de Guise
Fødd22. november 1515
FødestadBar-le-Duc
Død11. juni 1560
DødsstadEdinburgh Castle
GravstadAbbaye Saint-Pierre-les-Dames de Reims
Gift medLouis II d'Orléans, Duke of Longueville, Jakob V av Skottland
DynastiHuset Guise
FarClaude av Guise
MorAntoinette av Bourbon
BornMaria I av Skottland, François III d'Orléans, Duke of Longueville, James, hertug av Rothesay, Louis de Longueville, Arthur Stewart, Duke of Albany
Jakob V av Skottland med kona Maria av Guise

Maria var fødd i Bar-le-Duc i Lorraine som den eldste dottera til Claude, hertug av Guise, overhovudet for Huset Guise, og kona hans Antoinette av Bourbon. 18 år gammal blei ho gift med Louis av Orléans, hertug av Longueville. Det var eit lykkeleg ekteskap, og året etter blei den fyrste sonen hennar, Francis, fødd. Vinteren 1536 var ho gjest i bryllaupet til den framtidige ektemannen sin, kong Jakob V av Skottland, og Madeleine de Valois, eldstedottera til kong Frans I av Frankrike.

I juni 1537 døydde Louis i Rouen og gjorde Maria til enke i ein alder av 21 år. 4. august fødde ho den andre sonen sin, Louis. Seinare same året bestemte kong Jakob, som var blitt enkjemann etter at kona hans døydde av tuberkulose i juli, seg for å finna ei ny fransk kone for å styrka den fransk-skotske alliansen mot England. Onkelen hans, kong Henrik VIII av England, prøvde å avverja dette ved å sjølv fri til Maria, men kongen av Frankrike valde å godta frieriet til Jakob. 18. mai 1538 blei bryllaupet halde i Notre-Dame-katedralen i Paris, med ein stadfortredar. Maria forlet Frankrike månaden etter, og 10. juni kom ho til Fife og blei teken imot av kong Jakob. 22. februar 1540 blei Maria krona til dronning av Skottland. Paret fekk to søner, Jakob og Robert, men begge døydde svært unge. Dottera Maria, som seinare skulle bli dronning, blei fødd 8. desember 1542. Kongen døydde seks dagar seinare, og Maria blei regjerande dronning.

Frå 1554, etter at James Hamilton, 2. jarl av Arran, hadde sagt frå seg regentskapet, styrte Maria Skottland for dotter si, dronninga, som var blitt send til Frankrike for å bli oppdratt med den framtidige ektemannen sin, sonen til Henrik II av Frankrike. Maria forhøyrde seg alltid med dei to mektige brørne sine i Frankrike – Karl, kardinal av Lorraine og Frans, hertug av Guise, slik at Skottland og Frankrike arbeidde i samforståing utad. Den franskorienterte politikken hennar gav henne fiendar både blant skotske protestantar og den skotske adelen. Maria blei avsett i 1559, og døydde året etter i Edinburgh. Lekamen hennar blei teken til Frankrike og gravlagt i Reims.

KjelderEndra