Jamstillingsvedtaket

Jamstillingsvedtaket er ei nemning på eit vedtak i Stortinget i 1975 om å jamstilla lønsvilkåra innan jordbruk og industri. I byrjinga av 1970-åra tok mange til å sjå med uro på nedgangen i sysselsettinga i norsk jordbruk. Særleg var det mange små gardsbruk i utkantane som vart lagde ned eller slegne saman med andre gardar. I etterkant av og i samband med folkerøystinga i 1972 om medlemskap i EF var det mange som la vekt på jordbruket sin situasjon. Ein av grunnane til at sysselsettinga gjekk ned i jordbruket var at lønsemda gradvis vart mindre i høve til andre næringsvegar.

Øksnesutvalet, leia av Oskar Øksnes vart sett ned i 1972, og la i 1974 fram innstillinga «Støtteordninger i jordbruket», som la eit grunnlag for jamstillingsvedtaket.

Den såkalla Hitraaksjonen i 1975 var ein skattenektaraksjon og grasrotaksjon mellom bøndene på Hitra og Frøya. Politikarar på Stortinget arbeidde samstundes med å få til betre vilkår for bøndene. Mellom anna Berge Furre som leiar i Landbrukskomiteen arbeidde fram jamstillingsvedtaket av 1975. «Stortinget uttaler at denne målsetting bør oppfylles snarest mulig og mener at dette bør skje senest i løpet av tre avtaleperioder. Under gjennomføringen må det legges avgjørende vekt på å øke inntekten på mindre bruk samtidig som jordbruket i vanskeligstilte områder må prioriteres høyt». Ein avtaleperiode viser her til jordbruksavtalen, og tyder at ei inntektsopptrapping skulle skje fram mot den 1. juli 1982.

Bakgrunnsstoff

endre

Sjå òg

endre