Jan Ceulemans

belgisk fotballspelar

Jan Anna Gumaar Ceulemans, betre kjend som Jan Ceulemans (fødd 28. februar 1957), er ein tidlegare belgisk fotballspelar frå Lier. Som spelte offensiv midtbane for Lierse SK og Club Brugge. Ceulemans sine hovedeigenskaper vart trott, luftstyrkje og teknikk. Med 96 landskampar er den personen (pr mars 2014 som har flest landskampar for Belgia. Mesteparten av hans sin landslagskarriere var i hovudsak under Guy Thys, og Ceulemans var med på oppturen som resulterte i sølv i EM i 1980 (der Ceulemans skåra utlikningsmålet mot England, andrerundespel i VM i 1982, gruppespill i EM i 1984 (der han skåra i kampen mot Danmark), semifinale som kaptein i VM i 1986 (der han skåra mot Sovjetunionen og Spania og sikra Belgia ekstraomganger, og i bronsefinalen mot Frankrike og åttendelsfinale i VM i 1990 (der han skåra mot Uruguay.

Jan Ceulemans
Jan Ceulemans i 1980
Personleg informasjon
Fullt namn Jan Anna Gumaar Ceulemans
Fødd 28. februar 1957 (67 år)
Fødestad Lier i Belgia
Høgd 191 cm
Posisjon Offensiv midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1974-1978 Lierse 110 (39)
1978-1992 Club Brugge 407 (191)
Totalt 517 (230)
Landslag
1977-1991 Belgia 96 (23)
Trenar for
1992-1996 Aalst
1997-1999 Ingelmunster
1999-2005 Westerlo
2005-2006 Club Brugge
2007-2012 Westerlo
2013-2014 Cappellen
2014-2015 Deinze
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

På klubbnivå spelte han for Lierse og Club Brugge i tretten år og han takka nei til eit tilbod om å spele for AC Milan.

Som trenar hadde han stor suksess for KSC Eendracht Aalst og KVC Westerlo men mer beskjeden innsats som trenar for Club Brugge.

Pelé omtala han som ein av de 125 beste levande spelarane i verda i mars 2004.

Merittar endre

  • Belgisk ligameister: 1979, 1988 og 1990 med Club Brugge[1]
  • Belgisk cupmeister: 1986 og 1991 med Club Brugge[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Lionheart Ceulemans still the pride of Belgium». FIFA. 2. april 2015. Arkivert frå originalen 7. september 2015. Henta 12. oktober 2015.