Opna hovudmenyen

Jan Inge Sørbø (fødd 16. september 1954) på øya Bru i Rennesøy kommune, er ein norsk litteraturvitar, forfattar og journalist, no tilsett som professor ved Høgskulen i Volda.

Jan Inge Sørbø
Nasjonalitet Norsk
Fødd 16. september 1954 (64 år)
Periode 1985-
Debut Blomsterbarn i kyrkja

Sørbø er utdanna ved Universitetet i Bergen, der han tok hovudfag i litteraturvitskap i 1982. I 1998 avla han doktorgradenArnold Eidslott og Theodor W. Adorno. I tillegg til å undervise ved Høgskulen i Volda er han framleis ein aktiv skribent i pressa og med bøker.

Sørbø debuterte skjønnlitterært i 1986 med diktsamlinga Lågt skydekke. Han har gitt ut fire diktsamlingar og romanen Til Elise, i tillegg dei biografiske romanane Alexander om Alexander Kielland og Symfoni No. 3, opus 41 om Fartein Valen. Han har skrive biografiar om filosofen Hans Skjervheim, lyrikaren Olav Aukrust og forfattaren Arne Garborg, i tillegg til analysar av forfattarskapa til Arnold Eidslott, Alfred Hauge, Ronald Fangen og Alexander Kielland. Sørbø har elles interessert seg for fenomen som vekkingskristendom og New Age, og har skrive bøker om nyreligiøsitet.

Innhaldsliste

BøkerEndra

RomanarEndra

  • Alexander, 1991
  • Til Elise, 1998
  • Symfoni No. 3, opus 41, 2006

DiktsamlingarEndra

  • Lågt skydekke, 1986
  • Babettes gjester, 1988
  • Blåmalar og litt lakkerar, 1993
  • Den sjette timen, 1997

FaglitteraturEndra

  • Blomsterbarn i kyrkja, 1985
  • Svar til ein sjaman. New Age, overmennesket - og ei kyrkje på flukt, 1988
  • Offentleg samtale. Presse-etiske grunnspørsmål, 1991
  • Kva er god kommunaljournalistikk? 1993
  • Essay om teologi og litteratur, 1994
  • "Høstet på himlens skråninger". Sju essay om Arnold Eidslott, 1996
  • "Over dype svelg". Eit essay om Ronald Fangens aktualitet, 1999
  • Angen av bork og ein brennande einerbusk. Om Alfred Hauges forfattarskap, 2001
  • Hans Skjervheim. Ein intellektuell biografi, 2002.
  • Frå gamle fjell til magma. Linjer i nynorsk lyrikk, 2004
  • Kielland som melodramatikar, 2005
  • Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust, 2009
  • Lyset frå fars ansikt. Refleksjonar ved livets slutt, 2010
  • Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland, 2015
  • Nynorsk litteraturhistorie, 2018

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra