Jan Olav Fretland (fødd 1950) er ein norsk høgskulelektor, kultursjef og målreisingsmann. Han er busett i Lærdal. Fretland tok cand. phil. 1977 og frå 1991 er han førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, som han har vore knytt til sidan 1986. I perioden 1991-1994 var han kultursjef i Lærdal. Fretland var rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 1994-2000.

Jan Olav Fretland
Jan Olav Fretland.jpg
Fødd 1950
Yrke skribent

Han har hatt ei rad offentlege tillitsverv knytt til målsak og språkrøkt, m.a. leiar i Noregs Mållag 1993-1994, styremedlem i Språkrådet 2000-2010, medlem i Kringkastingsrådet frå 2002. Fretland har gjeve ut ei rad bøker, m.a. i undervisningsprosjektet «På saklista».

Fretland er gift med Anna Jorunn Avdem og far til Jostein Avdem Fretland.

BibliografiEndra

BøkerEndra

I tidsskrift - eit utvalEndra

KjelderEndra