Sjå òg Magne Rommetveit (1956), stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet

Magne Rommetveit (4. oktober 19186. januar 2009) var ein norsk professor i nordisk målvitskap ved Universitetet i Oslo og styrar ved Avdeling for nynorsk ved Leksikografisk institutt.[1] Rommetveit var sentral i utarbeidinga av fleire ordbøker, mellom anna Norsk Ordbok, Norsk landbruksordbok og Nynorskordboka. Han mottok NFFs ordbokpris 2000 for Med andre ord.[2]

Magne Rommetveit
Fødd4. oktober 1918
Stord kommune
Død6. januar 2009 (90 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeredaktør, leksikograf
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Utdanna vedUniversitetet i Oslo

Han vart utnemnd som heidersmedlem i Noregs Mållag i 1998. Magne Rommetveit såg tidleg kor viktig fjernsynet og radioen ville vere for nynorsken, og var difor sentral oppstarten i Kringkastingsringen.

Leksikografien vart det vitskaplege arbeidsfeltet hans. Han byrja i Ibsen-ordboka i 1950, og heldt fram med Norsk landbruksordbok, der han utarbeidde eit fagkartotek på 80 000 ord. NLO låg føre i to store band i 1978 med oppslagsord på sju språk, og var den fyrste store terminologiordboka som var skriven inn elektronisk. Same år vart han dosent, seinare professor, i nordisk målvitskap, og var leiar for nynorskavdelinga ved Norsk leksikografisk institutt ved Universitetet i Oslo til han gjekk av med pensjon hausten 1988. I hans tid vart Nynorskordboka (1986) fullført, og band 2 av Norsk Ordbok kom ut.

Synonymikk og omgrepsdefinering var sentrale leksikografiske deldisiplinar for Magne Rommetveit. Nytten av dette fekk han synt fram læreboka På godt norsk (1981) som han skreiv i lag med andre, og som vart ei svært mykje brukt lærebok i nynorsk for offentleg tilsette. Enda viktigare er den store synonymordboka Med andre ord (1985), som har kome i fleire auka utgåver, siste gongen i 2007. For dette verket fekk han i 2000 Norsk faglitterær forfatterforenings ordbokspris.

Hovudoppgåva for nynorskavdelinga ved Norsk leksikografisk institutt i mesteparten av den tida han var der (1978-1987), var elles å få redigert Nynorskordboka, som kom for første gong i 1986. To sentrale verk i nynorsk leksikografi vart dermed det akademiske livsverket til Magne Rommetveit.

Rommetveit var fødd på Stord.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Almenningen, Olaf (2009): Magne Rommetveit (1918-2009); Norsk tidend, februar 2009, s. 18; Noregs Mållag
  2. Forfattarside hjå Det norske samlaget

Bakgrunnsstoff endre