Jan Ottosson
Jan Bo Otto Ottosson (fødd 10. mars 1960) frå Högsäter i Dalsland er ein svensk, tidlegare langrennsløpar som tevla for Åsarna IK.
Jan Ottosson | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 10. mars 1960 (64 år) Färgelanda kommun |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Ski-VM 1982, cross-country skiing at the 1984 Winter Olympics – men's 4 x 10 km relay, Ski-VM 1987, langrenn under Vinter-OL 1988, Ski-VM 1989, 1989 Vasaloppet, Ski-VM 1991, 1991 Vasaloppet, 1992 Vasaloppet, Ski-VM 1993, 1994 Vasaloppet |
Ottosson vann to OL-gull i stafett, 1984 og 1988. Hans beste plasseringar individuelt i ski-VM og vinter-OL er to sjetteplassar; fyrst på 50 km under OL 1988 og sidan på 15 km under VM 1991.
Han vann eitt renn i verdscupen i langrenn, då han 14. januar 1983 sigra i ein 15 km i Reit im Winkl. Ottosson sikra seg åtte SM-titlar i tida mellom 1983 og 1994.
Ottosson vann Vasaloppet fire gongar; 1989, 1991, 1992 og 1994.
OL-medaljar
endre- Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Gullmedalje på 4 x 10 km stafett
- Vinter-OL 1988 i Calgary: Gullmedalje på 4 x 10 km stafett
Gullmedaljar i svenske meisterskap
endre- 1983: 30 km og 50 km
- 1985: 30 km
- 1988: 15 km og 50 km
- 1990: 15 km
- 1994: 50 km og 25/15 km jakstart
I perioden 1980-94 vann Åsarna IK elleve av dei femten SM-stafettane over 3x10 km. Ottosson var med på ti av dei elleve triumfane, og gjekk mange gongar i lag med langrennarar som Thomas Wassberg (7 gonger) og Torgny Mogren (5).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jan Ottosson» frå Wikipedia på tysk, den 16. juli 2012.