Opna hovudmenyen

Thomas Lars Wassberg (fødd 27. mars 1956) frå Lennartsfors er ein svensk, tidlegare langrennsløpar. Mellom 1980 og 1988 vann han fire individuelle OL- og/eller VM-gull, samt tre gullmedaljar i stafett. I alt vann han elleve OL/VM-medaljar.

Thomas Wassberg
Thomas Wassberg 2013-12-11 001 (cropped).jpg
Fødd 27. mars 1956
Årjängs kommun
Yrke skiløper, langrennsløpar
Thomas Wassberg på Commons

Wassberg vann verdscupen i 1977. Seinare vart han nummer to i same i fire sesongar. Han tevla som medlem av Åsarna IK.

Medaljar i internasjonale meisterskapEndra

Gullmedaljar i svenske meisterskapEndra

  • 1979: 15 km og 30 km
  • 1980: 15 km, 30 km og 50 km
  • 1981: 30 km
  • 1982: 15 km
  • 1983: 15 km

Frå 1980 til 1988 vann Åsarna IK med Wassberg på laget sju av dei ni SM-stafettevlingane. Også Jan Ottosson var med på alle stafettlaga, medan Hans Persson (5 gongar) og Torgny Mogren (2) kompletterte dei resterande tremannslaga.

I 1980 vart Wassberg tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje for sitt OL-gull på 15 km, men nekta å ta imot prisen i protest mot at ein annan skiløpar, Sven-Åke Lundbäck, ikkje hadde fått medaljen då han stod for same prestasjonen under vinter-OL 1972. Tidlegare same året fekk han Holmenkollmedaljen.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra