Jani Soininen

Jani Markus Soininen (fødd 12. november 1972) er ein finsk, tidlegare skihoppar frå Jyväskylä. Han vart olympiameister i normalbakken under vinter-OL 1998 i Nagano, og vann sølvmedaljen i storbakken i same olympiaden. Både i 1995 og 1997 var han med på Finlands lag som vart verdsmeistrar i laghopping. Tre gongar vart Soininen nummer sju i den totale verdscupen; 1995, 1998 og 2000.

Jani Soininen
Jani Soininen.jpg
Fødd 12. november 1972 (48 år)
Jyväskylä
Yrke skihoppar

AktivEndra

Soininen debuterte i verdscupen den 29. februar 1992 i Lahti, utan å utmerke seg. Vinteren 1993/94 hoppa han seg inn i verdseliten. Under OL 1994Lillehammer kom han på femteplass i storbakken og på sjetteplass i normalbakken.

Året etter var Soininen med på å vinne laghoppinga for Finland under VM 1995 i Thunder Bay. Saman med Ari-Pekka Nikkola, Janne Ahonen og Mika Laitinen sikra han finsk siger etter ei jamn tevling med Tyskland. To år seinare gjentok dei same fire hopparane prestasjonen og tok eit suverent VM-gull under VM i Trondheim.

Soininen vann sin fyrste verdscupsiger 13. januar 1996 i Gross-Titlis-bakken i Engelberg. Han opna 1997/98-sesongen med å vinne to verdscuprenn på høvesvis Lillehammer, og veka etter i Predazzo i Italia. Sin fjerde og siste verdscuptriumf fekk han i Hakuba i Japan i januar 2000.

Høgdepunktet for Soininen kom under OL 1998 i Nagano. I normalbakken fekk han 234,5 poeng og vart olympisk meister, 1,0 poeng framom Japans eigen Kazuyoshi Funaki. I storbakken var rollene omsnudd, der var Funaki klart best, medan Soininen kunne gle seg over OL-sølv.

På finsk heimebane i Lahti under VM 2001 fekk Soininen plass på Finlands lag til laghoppinga i storbakken, etter å ha vorte tredje beste finne i det individuelle storbakkerennet. Saman med Risto Jussilainen, Ville Kantee og ankermannen Ahonen vart det finsk VM-sølv, bakom Tyskland.

Soininen la opp som skihoppar etter sesongslutt i 2001.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra