Janne-Kristin Svarstad Nygård (fødd 4. september 1989) er ein norsk redaktør og målkvinne frå Jølster i Sogn og Fjordane, busett på Nesodden. Landsmøtet i Norsk Målungdom valde henne til leiar i 2010. Det var ho til 2012. Tidlegare har ho vore skrivar (2008–2009) og nestleiar (2009–2010) i same organisasjonen.

Janne Nygård

Fødd 4. september 1989 (34 år)
Yrke skribent
Verv Leiar i Norsk Målungdom
Føregangar Maria Kristine Sture
Etterfylgjar Vebjørn Sture

I april 2012 vart ho vald til nestleiar i Noregs Mållag, og har sete som vanleg styremedlem der sidan 2013. I 2013 vart ho også tildelt Målrosprisen av Jølster Mållag.[1]

Nygård har gått på musikklinja på Firda vidaregåande skule. Utanom målsak interesserer ho seg for litteratur, teater og musikk, og har ofte figurert som «Månedens poet» i Dagbladet si diktsatsing for ungdom, «Skolekammeret».[2] Ho har studert nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo, og har ei mastergrad i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet i Volda. Ho har arbeidd som redaksjonssekretær og redaktør i tidsskriftet Syn og Segn. I 2018 vart ho vald inn i styret i Nynorsk kultursentrum. Ho har i fleire år vore kvissmeister i avisa Dag og Tid. Frå 2011 til 2021 arbeidde ho i forlaget Det Norske Samlaget. Frå 2021 er ho forlagsredaktør i Skald forlag.

Bibliografi endre

Bøker endre

I bøker - eit utval endre

  • 2008 – Faen ta tyngdekrafta : vinnerdikt fra videregående (Oslo: Gyldendal). ISBN 978-82-05-38688-4  [Av innhaldet: Enchantè. Geometriske tulipanar / Janne Nygård]

I tidsskrift - eit utval endre

Kjelder endre

  1. «Fekk både ros og Målros-pris». Firda. 
  2. «– Eg er veldig oppteken av språk». Dagbladet. 2007. 

Bakgrunnsstoff endre