Jardar Lunde (21. september 190918. september 1990) var ein norsk målar og grafikar frå Trondenes i Troms.

Jardar Lunde

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. september 1909
Steinkjer
Død

18. september 1990 (80 år)
Oslo

Yrke kunstmålar, grafikar, glasskunstner

Lunde var utdanna ved Carl von Hanno sin målarskule i Oslo og Statens kunstakademi under Axel Revold, som også inspirerte den kantete stilen hans. I 1930-åra reiste han til både Portugal, Spania og Frankrike for å studere kunst. Han laga fleire monumentale måleri og store glasmåleri, mellom anna i kyrkjer i Harstad, Hammerfest, Båtsfjord og på Torshov, i Gjøvik Rådhus og bankbygg i Svolvær og Trondenes. Lunde stod også for utforminga av fylkesmerket til Troms og byvåpenet til Harstad. «Sermerkt for L.s målarkunst er dekorativ form i figur- og landskapsbilete, mest frå Nord»land.

Lunde vart tildelt Petter Dass-medaljen i 1950 og er biografert i Asbjørn Eidnes si bok Jardar Lunde – ein nordnorsk kunstnarprofil (2005).

Kjelder endre