Javier Mascherano

argentinsk fotballspelar

Javier Alejandro Mascherano (fødd 8. juni 1984 i San Lorenzo i Santa Fe-provinsen) er ein argentinsk fotballspelar som har spela for Barcelona i spansk Primera Division, og vore kaptein på Argentina sitt landslag.

Javier Mascherano
Javier Mascherano 2018.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Javier Alejandro Mascherano
Fødd 8. juni 1984 (36 år)
Fødestad San Lorenzo i Argentina
Høgd 174 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Hebei China Fortune
Nummer 14
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2003-05
2005-06
2006-07
2007-10
2010-18
2018-
Argentina River Plate
Brasil Corinthians
Flag of England.svg West Ham United
Flag of England.svg Liverpool
Spania Barcelona
Kina Hebei China Fortune
46 (1)
26 (0)
5 (0)
94 (1)
203 (1)
0 (0)
Landslag
2004-08
2003-
Argentina Argentina OL-landslag
Argentina Argentina
18 (0)
141 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. november 2017
‡ Landslagsmål oppdatert 14. november 2017

Mascherano begynte karrieren sin i River Plate i Argentina. Han vann den første tittelen sin i 2003/04-sesongen, då River Plate vann den argentinske ligaen. I 2004 var han med på å vinna sommar-OL med Argentina. I 2005 gjekk han til Corinthians i Brasil, der han vann den brasilianske ligaen i den første sesongen sin. I 2006 drog han til Europa og Premier League-klubben West Ham United. Han var ikkje lenge der før han gjekk til Liverpool, først på lån, så permanent, for ein overgangssum på 18,6 millionar pund. I 2008 vann han ein ny gullmedalje i OL, som den første mannlege fotballspelaren sidan 1928 som har vunne to gullmedaljar i OL. I 2008 vart han utnemnd til landslagskaptein av den nye landslagstrenaren Diego Maradona. Han vart seriemeister i Spania for Barcelona i 2011, 2013, 2015 og 2016, vann den europeiske Meisterligaen med same klubben i 2011 og 2015 og VM for klubblag også i 2011 og 2015.