Jean-Baptiste Biot
fransk fysikar, matematikar og astronom
Jean-Baptiste Biot (21. april 1774–3. februar 1862) var ein fransk fysikar, matematikar og astronom
Jean-Baptiste Biot | |||
Jean-Baptiste Biot | |||
Fødd | 21. april 1774 Paris | ||
---|---|---|---|
Død | 3. februar 1862 (87 år) Paris | ||
Nasjonalitet | fransk | ||
Område | Fysikk, astronomi og matematikk | ||
Yrke | matematikar, fysikar, astronom, sivilingeniør, ingeniør, professor, astrolog | ||
Institusjonar | Collège de France | ||
Alma mater | École polytechnique École des Ponts ParisTech | ||
Doktorgradsrettleiar | Gaspard Monge | ||
Kjend for | Biot-Savart-lova | ||
Influerte | Louis Pasteur, William Ritchie | ||
Barn | Édouard Biot | ||
Medlem | Royal Society Société philomathique de Paris Académie française Kungliga Vetenskapsakademien Det franske vitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL Det bayerske vitskapsakademiet Académie des inscriptions et belles-lettres Accademia delle Scienze di Torino Académie de Stanislas |
I 1800 vart han professor ved Collège de France i Paris og frå 1804 ved observatoriet. Biot utførte for si tid særs dugande arbeid i mange område av fysikken. Mellom anna målte han lydfarten i faste lekamar, lysbryting i gassar (saman med Arago), oppdaga sirkulært polarisert lys og påviste korleis dreiinga til polarisasjonsplanet i sukkerløysingar kan nyttast til å avgjere sukker. Biot fann saman med Savart lova for den krafta ein elektrisk straum utøver på ein magnet, Biot–Savart-lova.
Kjelder
endre- Jean Baptiste Biot. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 4. november 2013 frå http://snl.no/Jean-Baptiste_biot.
Bakgrunnsstoff
endre