Jean-Baptiste Desmarets

Jean-Baptiste François Desmarets (16821762), marki av Maillebois, var ein fransk marskalk.

Jean-Baptiste Desmarets
Jean-Baptiste Desmarets, maréchal de Maillebois.jpg
Fødd3. mai 1682
FødestadParis
Død7. februar 1762
DødsstadParis
Rangmarskalk av Frankrike
KonfliktarDen spanske arvefølgjekrigen, Den austerrikske arvefølgjekrigen
Adelstittelmarki

Han var son av Nicolas Desmarets, Marquis De Maillebois (1648 - 1721), generalkontrollør av finansar under regjeringstida til Ludvig XIV av Frankrike, og nevø av Jean-Baptiste Colbert.

Han lærte krigskunsten frå Claude Louis Hector de Villars. Han utmerkte seg under omleiringa av Lille, og kommanderte ein divisjon i Italia under den polske arvefølgjekrigen. Han erobra Korsika på mindre enn tre veker i 1739 og fekk for dette graden marskalk i 1741.

Under den austerrikske arvefølgjekrigen vart han send for å kjempe mot austerrikarane i Italia og vann der slaget ved Bassignano i 1745. Året etter tapte han derimot mot langt større styrkar i slaget ved Piacenza, som gjorde at han måtte forlate hertugdømet Milano.

Etter krigen vart han guvernør i Alsace (1748).

KjeldeEndra