Jeff Dexter (fødd 15. august 1946 som Jeffrey Dexter Bedwell)[1] er ein britisk diskjockey (DJ), klubbarrangør, plateprodusent og tidlegare dansar, som vart kjent på midten av 1960-talet som fast DJ på den innverknadsrike London-klubben Middle Earth. Han er nært knytt til mod-scena og populariseringa av dansen The Twist i England.

Jeff Dexter
Fødd15. august 1946 (78 år)
FødenamnJeffrey Dexter Bedwell
AliasJeff Dexter
OpphavStorbritannia
Verka somDJ, musikkprodusent, club promoter, dansar

I 1970 vart han manager for America, det amerikanske folkrockbandet som vart danna i London tidlegare same år, beståande av Gerry Beckley, Dewey Bunnell og Dan Peek. Han sam-produserte òg det første albumet deira, America, og skaffa dei den første spelejobben deira.

Kjelder

endre
  1. Jeff Dexter Arkivert 2014-01-10 ved Wayback Machine. Interview by Bill Brewster, London, 18. februar 1999. Djhistory.com, 2014. Henta 17. april 2023.