Jefferson Leonardo Pérez Quezada (fødd 1. juli 1974) er ein ecuadoriansk tidlegare kappgjengar frå Cuenca som vart olympisk meister på 20 km i 1996, sidan vart han 2003-07 trefaldig verdsmeister på distansen.

Jefferson Pérez


Statsborgarskap Ecuador
Fødd 13. juli 1974 (49 år)
Cuenca
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Aktiv endre

Pérez vann 20 kilometer kappgang i Panamerika-leikane 1995 på tida 1.22.53. Året etter vart han den yngste olympiske gullvinnaren i kappgang då han under sommarleikane 1996 i Atlanta vann 20-kilometeren framom Ilja Markov frå Russland og med Bernardo Segura frå Mexico på bronseplass. Dermed tok Pérez Ecuadors fyrste olympisk gullmedalje nokon gong. Etter triumfen gjekk og jogga han den 459 kilometer lange vegen frå hovudstaden Quito til heimbyen Cuenca.

I 1999-sesongen vart Pérez nummer tre på 20 km i Panamerika-leikane i Winnipeg og nummer to i verdsmeisterskapen i Sevilla. Fire år seinare gjekk han til topps på distansen både ved Panamerika-leikane og i verdsmeisterskapen. I VM-tevlinga i Paris sette han livsrekord på distansen med tida 1.17.21. Pérez forsvarte VM-tittelen i Helsinki i 2005, og på ny i Osaka i 2007. I alle desse tre meisterskapane viste han spanjolen Francisco Javier Fernández til sølvplass. Nokre veker før Friidretts-VM 2007 hadde Pérez sikra seg i Rio de Janeiro sin tredje triumf i Panamerika-leikane. Han avslutta tida som aktiv kappgjengar med å vinne sølvmedaljen på 20 km under dei olympiske leikane 2008 i Beijing.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre