Jakt og sanking

(Omdirigert frå Jeger-samlar)

Jakt og sanking er eit næringsgrunnlag som går ut på å hausta ulike ressursar frå naturen, gjennom jakt, fangst og fiske av ville dyr og gjennom sanking av plantedelar, som røter, frukter og blad, honning og sjømat. Samfunn som hovudsakleg lever av jakt og sanking blir kalla jegerar og sankarar eller veidefolk. Dei lever ofte i mindre grupper, som nomadar.

Sanfolk i Namibia jaktar på holepiggsvin. Sanfolk har levd av jakt og sanking fram til våre dagar, men er under stadig press frå bufaste.
Foto: David Barrie
Plukking av bær som molte har vore ein viktig del av jeger- og sankekulturar, og har seinare vore brukt til matauke.
Foto: Christoph Müller

Jakt og sanking har vore den viktigaste levemåten for menneskeslekta i over to millionar år, fram til fleire samfunn utvikla jordbruk og temde dyr frå rundt 10 000 år sidan. Dei nye levemåtane, anten som bufaste bønder eller som husdyrnomadar, erstatta gradvis den gamle dei fleste stader i verda. Rundt 1500 f.Kr. var rundt 1 % av menneska jegerar og samlarar. Ved byrjinga av 2000-talet rekna ein delen av dei som mindre enn 0,001 %. Veidefolk har særleg halde stand lenge i område der det er vanskeleg eller umogleg å driva jordbruk — i ørken, tett skog eller polare område, og er ofte rekna som urfolk. Samstundes har ikkje jordbruket erstatta det gamle næringsgrunnlaget; gjennom tidene har mange jordbruksfolk har brukt jakt og sanking til matauke.

Grupper som har levd av jakt og sanking i lang tid er mellom anna aboriginarar, andamanske urfolk, inuittar, sanfolk og urfolk i Amazonas. Også mange samar levde som veidefolk heilt fram til mellomalderen.

Studie endre

Jakt- og sankesamfunn har vore studerte av antropologar fordi ein gjerne har sett på dei som eit band til tidlegare tider. Lenge meinte ein at levemåten til desse folka kunne fortelja oss noko om korleis alle menneske levde i steinalderen. Denne tanken, og sjølve omgrepet «jegerar og sankarar» som ein kategori for svært ulike grupper i ulike delar av verda, er blitt kritisert i nyare tid.

Ein har funne nokre fellestrekk, som stor grad av samarbeid og deling innan lokalgrupper, lite kjønnsdeling av arbeidsoppgåver bortsett frå at det typisk berre er menn som jaktar medan kvinner har hovudansvar for sanking.

Jakt og sanking gjev eit variert kosthald som menneska er tilpassa gjennom evolusjon. Mange moderne livsstilsjukdommar, som hjerneslag og hjarteinfarkt, ser ut til å ikkje finnast i samfunn der ein lever på dette tradisjonelle viset.

Kjelder endre