Jelena Lasjmanova

Jelena Anatoljevna Lasjmanova (fødd 9. april 1992) er ein russisk tidlegare kappgjengar frå Saransk som i 2012 vart olympisk meister og i 2013 verdsmeister på 20 kilometer. Ho vart i 2014 utestengd frå idretten i 2 år for bruk av dopingmiddel.

Jelena Lasjmanova


Statsborgarskap Russland
Fødd 9. april 1992 (32 år)
Saransk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012

Utmerkingar

Venskapsordenen

Lasjmanova vart junior-verdsmeister på 5 km i 2009 og på 10 km i 2010 og 2011. Våren 2012 vann ho heime i Saransk ei tevling i verdscupen i kappgang. Under dei olympiske sommarleikane 2012 i London tok ho gullmedaljen på 20 km med verdsbestetida 1.25.02, sju sekundar føre landskvinna Olga Kaniskina og 14 sekundar framom Qieyang Shenji frå Kina.

I august 2013 gjekk Lasjmanova i mål som vinnar av 20 km i VM i friidrett iMoskva. På tida 1.27.03 kom ho i mål 8 sekundar føre landskvinna Anisja Kirdjapkina, ein utøvar som i 2019 fekk annullert plasseringa si. Sjølv testa Lasjmanova i 2014 positivt på bruk av det forbodne stoffet enduborol, noko som gjorde at ho ikkje fekk drive idrett dei neste to åra. Ho kom ikkje tilbake i tevling.

Kjelder endre