Jelsa skipreide
Jelsa (Jalsa, Jelsø) skipreide var ei av skipreidene i Ryfylke.[1]
Geografisk femna ho om ytre delane av noverande Suldal kommune, eller nøyaktigare:
- Jelsa sokn (unnateke gardane Buer, Nårstad og Vatland på Ombo), medrekna Erfjord sokn som vart utskild først 1877
- Sand sokn (unnateke gardane ved Hylsfjorden og Saudafjorden)
- dei delar av Imsland sokn som låg sør for Vindafjorden, men frå 1965 høyrer til Jelsa sokn
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet og Jelsa skipreide vart nemnd Jelsa tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene, og frå 1841 var Jelsa tinglag identisk med Jelsa sokn (og den seinare utskilde Erfjord sokn).[2]