Jennifer Mae Simpson, fødd Barringer, (fødd 23. august 1986) er ein USA-amerikansk mellomdistanse- og hinderløpar frå Webster City i delstaten Iowa. Ho vart verdsmeister på 1500 meter under VM i friidrett 2011 og tok sølvmedaljen på same distansen under VM i friidrett 2013.

Jennifer Simpson


Statsborgarskap USA
Fødd 23. august 1986 (37 år)
Webster City
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

Honda Sports Award for Track & Field, The Bowerman

Aktiv endre

Jennifer Barringer satsa på 3000 meter hinder fram til 2009. Ho deltok i denne øvinga både under Sommar-OL 2008 og friidretts-VM 2009, i den sistnemnde tevlinga vart ho nummer fem med personleg rekord på 9.12,5. Etter å ha gått skadd i 2010-sesongen valde ho å prioritere 1500 meter.

Under verdsmeisterskapen i Daegu i 2011 spurta Jennifer Simpson til siger på 1500 m. Året etter lukkast ho ikkje å kvalifisere seg til 1500-metersfinalen under sommar-OL i London. Derimot sprang ho inn til VM-sølv på 1500 m under VM i fridrett 2013 i Moskva. I 2014-sesongen forbetra ho den personlege rekorden på 1500 m til 3.57,2 då ho vart nummer to i Diamond League-stemnet i franske Saint-Denis.

Jennifer Barringer i 2008

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • OL 2008 i Beijing: Nr 9 i 3000 m hinder - 9.22,2
  • VM 2009 i Berlin: Nr 5 i 3000 m hinder - 9.12,5
  • VM 2011 i Daegu: Gullmedalje på 1500 m - 4.05,4, framom Hannah England (4.05,6)
  • OL 2012 i London: Utslått i semifinalane på 1500 m (4.06,8 =nr 12)
  • VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje på 1500 m - 4.02,9, bakom Abeba Aregawi (4.02,6)

Kjelder endre