Jens Breivik

Jens David Breivik (fødd 9. juni 1935 i Hadsel) er ein pensjonert norsk diplomat. Han er utdanna siviløkonom og var tilsett i Utanriksdepartementet frå 1965 til 1996. Han har blant anna vore ambassaderåd i Teheran og London, ministerråd ved den norske OECD-delegasjonen i Paris, og byråsjef i Utanriksdepartementet.[1]

Jens Breivik
Fødd 9. juni 1935 (85 år)
Hadsel
Yrke diplomat
Ektefelle Wenche Behring Breivik
Born Anders Behring Breivik

Jens Breivik er far til Anders Behring Breivik, som stod bak terroråtaka 22. juli 2011. I 2014 gav Breivik ut boka om sonen: Min skyld? En fars historie.[2] Brennpunkt-dokumentaren FedreneNRK frå desember 2011 handla òg om Breivik og tilhøvet hans til sonen.[3]

BibliografiEndra

KjelderEndra

  1. «– Vil aldri se ham igjen», www.glomdalen.no (på norsk), 25. juli 2011, henta 10. mai 2019 
  2. Breiviks far gir ut boken «Min skyld?
  3. Knudsen, Sjur Øverås (23. desember 2011), «Breivik så Brennpunkts «Fedrene»», NRK (på norsk bokmål), henta 10. mai 2019