Jens Kobro Daae
Jens Kobro Daae (fødd 22. april 1811 i Fana, død 11. januar 1897) var ein norsk prest. Han tok teologisk eksamen 1837, og vart kapellan hos faren i Fana samme år. Faren var den velståande presten Iver Munthe Daae (f. 1771) som var sokneprest i Lindås og seinare i Fana. Den eldre broren Claus Daae var stiftsprost i Bergen og politikar. Jens Kobro Daae vart sokneprest i Haram i 1853, der var han også ordførar. Han flytta til Bø i Telemark 1866, og gjekk av i 1878. Han var gift med søskenbarnet sitt Nicoline Friis Daae (f. 1820), som var dotter av Christen Daae (sogneprest i Lindås) og søster av Ludvig Kristensen Daa.[1] Johan Christopher Haar Daae var ein annan av onklane hans.
Jens Kobro Daae | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. april 1811 |
Død |
11. januar 1897 (85 år) |
Yrke | prest |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Kjelder
endre- ↑ Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.292.