Jens Munk (3. juni eller juli 157928. juni 1628) var ein dansk-norsk sjøfarar og oppdagar som var fødd i Barbu. Faren Erik Munk var herre over fleire len i Noreg, etter sine bedrifter under den nordiske sjuårskrigen. Jens Munk vende tilbake til Danmark då han var åtte år gammal. Han gjekk i teneste hos kong Kristian IV og er særleg kjend for sine forsøk på å finne Nordvestpassasjen til India.

Jens Munk

Statsborgarskap Danmark-Noreg
Fødd 3. juni 1579
Arendal
Død

28. juni 1628 (49 år)
København

Yrke oppdagar, marineoffiser, sjøfarer, reisande
Språk dansk, norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Erik Munk
Jens Munk på Commons
Tittelbladet på Jens Munk si bok som kom ut i 1624; Navigatio, septentrionalis Det er: Relation Eller Bescriffuelse om Seiglads oc Reyse paa denne Nordvestiske Passagie, som nu kaldis Nova Dania. København: Henrich Waldkirch 1624.

Liv og gjerning endre

Munk vaks dei første åra opp på fødestaden, Barbu i Aust-Agder. Der heldt faren, lensherren Erik Munk, hus til han vart fengsla i 1585. Nokre år seinare døydde han i fangenskapen. Jens Munk budde i Fredrikstad til han var åtte år gammal og deretter på Jylland. Tolv år gammal reiste han til sjøs. Via England og Portugal hamna han i Brasil. Der var han i fleire år før han vende tilbake til Danmark.

1. mars 1611 vart Munk utnemnd til sjøkaptein, og avla skipseiden til riksadmiralen Mogens Ulfeldt. Under Kalmarkrigen var Jens Munk først nestkommanderande på fregatten Heringnæs under eskadreadmiral Jørgen Daa. Seinare var han sjef på det vesle krigsskipet Sorte Hund, som tok del då festninga Elfsborg fall den 24. mai 1612.

Sjøoffiseren Jens Munk gjorde fleire reiser til det nordlege Noreg og til Kola-halvøya.

Eit handteikna kart av Jens Munk frå 1624. Kartet viser området mellom Kapp FarvelGrønland og Hudsonbukta, sett frå nord.

I 1619 sende Kristian IV ein ekspedisjon med to skip frå København. Skipa, fregatten Enhiørningen og jakta Lamprenen, nådde Hudsonbukta i dagens Canada. Der overvintra mannskapa på ein stad som dei kalla Munkehavn; det seinare Fort Churchill. Nokre budde ombord på skipa, nokre i ei hytte på land. Av eit mannskap på 64 overlevde einast tre mann; Jens Munk den eine. Dei fleste døydde av skjørbuk.

Dei tre overlevande rigga til det minste skipet, jakta Lamprenen, og siglde med denne over Atlanterhavet. Jakta landa i Bergen, der lensherren kasta Jens Munk i fengsel for å ha øydelagt kongens skip og mannskap. Munk vart frisett på kongens ordre, og beretningane hans om landet i Hudsonbukta fekk kongen til å vurdere kolonisering i dette arktiske området. Noko som aldri vart av.

Jens Munk døydde i juni 1628, av skadane han fekk under eit sjøslag eit par månader i førevegen.

Ymse endre

Den danske forfattaren Thorkild Hansen skreiv i 1965 ein dokumentarroman over Jens Munk, boka kom på norsk i 1969.