Jerkholmen
58°24.017′N 8°44.338′E / 58.400283°N 8.738967°E Jerkholmen eller Jerken er ei øy i Arendal kommune i Aust-Agder, heilt sør i kommunen nær grensa til Grimstad kommune. Øya er ein del av Raet landskapsvernområde og består for ein stor del av morenemasse. Jerkholmen er kvartærgeologisk ein del av det store raet; ein israndavsetting som kan følgjast frå Finland, over Sverige og langs heile Noreg og inn i Russland. Strukturen held fram frå Jerken austover til Merdø og Hove på Tromøy, og vestover gjennom Hasseltangen landskapsvernområde og Søm-Ruakerkilen naturreservat til Fevik i Grimstad kommune.
Jerkholmen er eit offentleg sikra friområde ved avtale med private grunneigarar.
Det er fleire gravhaugar på Jerkholmen.
Jerken er lenge vore nytta som utmarksbeite for sauer. Fylkesmannen i Aust-Agder har sett i gang tiltak for vedlikehald av kulturlandskapet på Jerken. I 2007 vart mellom anna store mengder einerkratt fjerna.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jerkholmen» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2008.