Jerome Isaac Friedman

amerikansk fysikar

Jerome Isaac Friedman (fødd 28. mars 1930) er ein amerikansk fysikar.

Jerome Isaac Friedman

Fødd28. mars 1930 (94 år)
Chicago i Illinois
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarMassachusetts Institute of Technology
Universitetet i Beograd
Alma materChicago
DoktorgradsrettleiarEnrico Fermi
Kjend forEksperimentelle bevis for kvarker
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Physical Society
Academia Europaea

Friedman mottok Nobelprisen i fysikk i 1990, saman med amerikanarane Richard E. Taylor og Henry Way Kendall, for «banebrytande undersøkingar om sterkt uelastisk spreiing av elektron mot proton og bundne nøytron, som spelte ei avgjerande rolle i utviklinga av kvarkmodellen innan partikkelfysikken[1]

Forskinga som førte til Nobelprisen vart i fellesskap utført ved Stanford Linear Accelerator Center (SLAC) ved Stanford i California. I fleire eksperiment mellom 1967 og 1973 brukte dei partikkelakseleratorar for å rette ei stråle av elektron med høg energi mot proton og nøytron. Dei fann at den måten elektrona vert spreidd ved kollisjonane indikerte at både proton og nøytron består av små elektrisk ladde partiklar. Etter kvart vart det klart at desse partiklane motsvarte kvarkane som hadde blitt foreslått av Murray Gell-Mann og George Zweig i 1964.

Friedman tok doktorgrad ved University of Chicago i 1956. Etter å ha undervist ved Stanford University, der han møtte Kendall og Taylor, flytta han til Massachusetts Institute of Technology (MIT) der han vart professor i fysikk i 1983

Kjelder

endre
  1. «The Nobel Prize in Physics 1990», NobelPrize.org (på engelsk), henta 17. oktober 2023, «for their pioneering investigations concerning deep inelastic scattering of electrons on protons and bound neutrons, which have been of essential importance for the development of the quark model in particle physics»