Jerry Wexler

amerikansk musikkprodusent

Gerald «Jerry» Wexler (10. januar 191715. august 2008) var ein musikkjournalist som vart plateprodusent, og vart rekna som ein av dei store innan musikkindustrien frå 1950 til 1980-åra. Han fann på omgrepet «rhythm and blues», og signerte og/eller produserte mange av dei største artistane dei siste 50 åra, som Ray Charles, the Allman Brothers, Chris Connor, Aretha Franklin, Led Zeppelin, Wilson Pickett, Dire Straits, Dusty Springfield og Bob Dylan. Wexler vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1987. Jerry Wexler var ein av dei høgast akta A&R-mennene i pophistoria.

Jerry Wexler
Statsborgarskap USA
Fødd 10. januar 1917(1917-01-10)
New York by, Bronx
Død

15. august 2008 (91 år)
Sarasota i Florida i USA

Yrke Musikkprodusent
Språk engelsk
Religion ateisme

Tidleg liv endre

Wexler var fødd i The Bronx i New York City i ein jødisk familie og voks opp i Washington HeightsManhattan.[1] I 1935 starta Wexler det som i dag er Kansas State University og droppa ut fleire gonger. Etter militærtenesta vart Wexler ein seriøs student og gjekk ut frå Kansas State med ein grad i journalisme i 1946.

Karriere endre

Medan han arbeidde som redaktør, reporter og forfattar for Billboard Magazine at Wexler kom opp med uttrykket «rhythm and blues».[2] Han vart partnar i Atlantic Records i 1953. Der følgde klassiske innspelingar med Ray Charles, the Drifters og Ruth Brown. Med Ahmet og Nesuhi Ertegün bygde han Atlantic Records til ei stormakt innan plateindustrien. I 1967 vart han kåra til årets platesjef for å ha snudd karrieren til Aretha Franklin rundt.[3]

I 1960-åra spelte han mellom anna inn plater med Wilson Pickett og Aretha Franklin, og oversåg produksjonen av Dusty Springfield sitt Dusty in Memphis og Lulu sitt New Routes. Han dyrka òg eit tett samarbeid med Stax Records,[4] var ein stor drivkraft for utviklinga til Muscle Shoals-stilen og grunnla Muscle Shoals Sound Studios og Muscle Shoals Rhythm Section. Arbeidet hans i 60-åra gjorde Atlantic til det fremste innan soul.[5]

I 1968 signerte han og Ahmet Ertegun Led Zeppelin til Atlantic Records etter ei tilråding frå songaren Dusty Springfield og frå det dei kjende frå gitaristen i bandet, Jimmy Page som hadde spelt med The Yardbirds.[6]

I 1975 slutta Wexler i Atlantic Records og starta i Warner Bros. Records.

I 1979 produserte Wexler Bob Dylan sitt kontroversielle nykristne album, Slow Train Coming ved Muscle Shoals. Ein singel frå albumet, «Gotta Serve Somebody», vann ein Grammypris i 1980. Då Wexler gjekk med på å produsere albumet, var han ikkje klar over det nykristne innhaldet i songane hans. «Naturlegvis ønskte eg å spele inn albumet i Muscle Shoals - og det same ønskte Bob - men me valde å førebu det i L.A., der Bob budde», fortalte Wexler. «Det var då eg forstod kva songane handla om... eg likte ironien om at Bom kom til meg, den vandrande jøden, for å få ei Jesus-kjensle... men eg hadde inga aning om at kva han heldt på med før han byrja å preike evangeliet for meg. Eg sa 'Bob, du snakkar til ein 62 år gammal konfirmert jødisk ateist. Eg er håplaus. La oss berre lage eit album..'»

I 1983 spelte Wexler inn musikk med den britiske popstjerna George Michael. Det mest kjende opptaket vart til ein sjeldan, tidleg versjon av «Careless Whisper», spelt inn i Muscle Shoals.

I 1987 vart Wexler innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[7] Han trekte seg attende frå musikkindustrien seint i 1990-åra.

Filmskrildring endre

I Ray om Ray Charles vart Jerry Wexler spelt av Richard Schiff.

Død endre

Jerry Wexler døydde i heimen sin i Sarasota i Florida den 15. august 2008 hjartesvikt. Då han vart spurt fleire år før han døydde kva han ønskte på gravsteinen sin, svarte Wexler «To ord: 'More bass.’”[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Kahn, Ashley. «Jerry Wexler: The Man Who Invented Rhythm & Blues: Donny Hathaway, Aretha Franklin produsent, Atlantic Records co-chief and music business pioneer dies at age 91" Arkivert 2008-08-18 ved Wayback Machine., Rolling Stone, 15. august 2008. Vitja 15. september 2014.
  2. 2,0 2,1 Weber, Bruce (August 15, 2008). «Jerry Wexler, R&B Impresario, Is Dead at 91». The New York Times. Henta 15. august 2008. 
  3. Halberstadt, Alex (September 5, 2000). «Jerry Wexler». Salon.com. Arkivert frå originalen 14. juli 2006. Henta 15. september 2014. 
  4. Jerry Wexler intervjua på Pop Chronicles (1970)
  5. Kurutz, Steve. «Jerry Wexler Biography». allmusic.com. Henta 15. september 2014. 
  6. Welch, Chris (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 1-85797-930-3, s. 31
  7. «Rock and Roll Hall of Fame inductee Jerry Wexler». Rock and Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen 29. mai 2006. Henta 15. september 2014. 

Bakgrunnsstoff endre