Jerusalemkorridoren

Jerusalemkorridoren (hebraisk פרוזדור ירושלים, Prozdor Yerushalayim) er eit område på fleire hundre kvadratkilometer mellom Jerusalem og Shephelah i Israel. den nordlege grensa er den gamle vegen til Jerusalem; den sørlege grensa er Elahdalen, og den vestlege grensa, Shaar HaGai og vegen til Beit Shemesh. Dei største byane i i Jerusalemkorridoren er Beit Shemesh, Mevasseret Zion, Abu Ghosh, Tzur Hadassah og Kiryat Ye'arim.

Jerusalemkorridoren
region
Neve Ilan fjernynsstudio i Jerusalemkorridoren
Land  Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
Kart
Jerusalemkorridoren
31°47′00″N 35°06′00″E / 31.7833333°N 35.1°E / 31.7833333; 35.1

Historie endre

 
Konvoi på Burmavegen.

I 1949, då området kom under israelsk kontroll, var regionen fjellendt, steinete og utan tre og skogar. Dei arabiske landsbybuarane som praktiserte terrassejordbruk i dei smale dalane og flykta under krigen. Jerusalemkorridoren var den einaste vegen ein kunne føre forsyningar inn til den kringsette Jerusalem. I slaget ved Latrun prøvde jødiske styrkar å erobre Latrun, der jordanske styrkar var stasjonert. Burmavegen vart bygd som eit alternativ.[1]

I det første tiåret etter det israelske sjølvstendet vart det oppretta i alt 35 jordbruksbusetnader i Jerusalemkorridoren av nye emigrantar frå Jemen, Kurdistan, Nord-Afrika, Romania og Ungarn. JNF tilsette mange av nykommarane til skogsplanting og landattvinning. Sidan den gong har området vorte eit av dei største nyplanta skogområda i landet.[2]

 
Vingard i i Jerusalemkorridoren

I dag går det mange vegar til Jerusalem.

Kjelder endre