Opna hovudmenyen

Jerusalemskogen er ein furuskog som ligg i Judeafjella vest for Jerusalem. Han er omgjeve av bydelane Beit HaKerem, Yefe Nof, Ein Kerem, Har Nof, Givat Shaul, og ein moshav, Beit Zeit. Skogen vart planta i 1950-åra av Jewish National Fund, finansiert av private gjevarar.

Jerusalemskogen
skog
Yad Vashem view of Jerusalem valley by David Shankbone.jpg
Jerusalemskogen frå Yad Vashem
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
By Jerusalem
Koordinatar 31°46′19″N 35°9′56″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jerusalem Forest

På sitt største dekte skogen over 4 kvadratkilometer. Dei siste åra har skogen minka på grunn av byutbygging og dekkjer i dag berre 1,2 kvadratkilometer. Yad Vashem museum ligg i skogen nær Herzlfjellet. Midt i skogen, mellom Yad Vashem og Ein Kerem, ligg eit fritidssenter, «Chaim Tzippori gjestehus», med eit ungdomsherberge.

Av dyreliv i skogen finst ein flokk sjakalar.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra