Jevgenij Zamjatin

russisk skribent

Jevgenij Ivanovitsj Zamjatin (fødd 1. februar 1884 i Lebedjan, død 10. mars 1937 i Paris) var ein russisk forfattar som er mest kjend for romanen Vi (1920), ein dystopisk satire som var noko av inspirasjonen bak George Orwell si 1984 og visstnok òg Aldous Huxley sin Vidunderlege nye verden. Romanen handlar om eit framtidig totalitært samfunn der menneska nærast er omskapte til robotar. Boka vart først gjeven ut i Sovjetunionen under glasnost i 1980-åra.

Jevgenij Zamjatin
Zamjatin.jpg
Verkeleg namn Kyrillisk skrift Евгений Иванович Замятин
Fødd 20. januar 1884
Lebedjan
Død

10. mars 1937 (53 år)
Paris, 16. arrondissement

Yrke science fiction-forfattar, ingeniør, satiriker, librettist, manusforfattar, skodespelforfattar, skribent, litteraturkritikar, romanforfattar, prosaforfatter, kommentator
Sjanger science fiction literature, politisk satire, dystopisk fiksjon, spekulativ fiksjon, historisk roman, teater, libretto
Jevgenij Zamjatin på Commons

Zamjatin slo igjennom med romanen Provinsliv i 1913. Andre satiriske forteljingar var Hulen og Mamaj. Han studerte marinteknikk og jobba med det før hobbyen med å skrive skjønnlitteratur vart fulltidsyrket. Som så mange andre støtta han oktoberrevolusjonen, men kom seinare i unåde hos det nye regimet på grunn av den brysame litteraturen hans. Han emigrerte derfor i 1931 og døydde i Paris i 1937.

KjelderEndra