Opna hovudmenyen

Jevpatorija[a] er ein by på Krimhalvøya i Ukraina. Han ligg 65 km nord for Sevastopol. Byen har kring 125 000 innbyggjarar (2011).

Jevpatorija
Євпаторія, Евпатория, Kezlev
by
Yevpatoria panorama.jpeg
Utsyn over Jevpatorija
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Region Krimhalvøya
Høgd 10 moh.
Koordinatar 45°12′13″N 33°21′41″E
Areal 120 km²
Folketal 123 456 (2011)
Folketettleik 1 029 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 97400 — 97490
Retningsnummer +380-6569
Tidlegare namn Kezlev (Gezlev) (til 1784)
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Eupatoria
Nettstad: http://www.kalamit.info/

Byen er ein bade- og kurstad og har ein næringsmiddelindustri. Byen har ein stor moské frå 1552 og ei gresk-ortodoks domkyrkje.

HistorieEndra

Byen vart grunnlagd som ein gresk koloni på 500- eller 400-talet f.Kr., og vart erobra av Mithradates VI Evpator av Pontos, som byen fekk namnet sitt etter, i første hundreåret f.Kr. Byen kom så under romarar, austromarar og gotarar. I mellomalderen vart byen under namnet Gözleve hamneby for Krim-khanatet, og var den nest største byen på Krim etter hovudstaden til tatarkhanen, Bakhtsjisaraj.

Frå slutten av 1700-talet vart Jevpatorija den viktigaste tilhaldsstaden for karaittane på Krim. Karaittane var ei jødisk sekt med utspring i Mesopotamia på 700-talet. Dei kom til Krim frå Egypt og Palestina på 1200-talet som følgje av det første krosstoget.

MerknadarEndra

  1. Ukrainsk skeift Євпато́рія, russisk Евпато́рия, Jevpatorija, krimtatarisk Kezlev, gresk Ευπατορία, Κερκινίτις - Eupatoria, Kerkinitis, tyrkisk Gözleve, armensk Եվպատորիա - Jevpatorija

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra