Jezebel av The Rasmus
«Jezebel» Song av The Rasmus | ||
Land | Finland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 18. januar 2022 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 03:10 | |
Selskap | Playground Music | |
Komponist | Lauri Ylönen, Desmond Child | |
Tekstforfattar | Lauri Ylönen, Desmond Child | |
Låtskrivar(ar) | Lauri Ylönen, Desmond Child |
---|
«Jezebel» er ein song frå 2022 med den finske rockegruppa The Rasmus. Låten vart gjeven ut 18. januar 2022 og er skriven av vokalisten i bandet Lauri Ylönen, saman med den mangeårige produsenten til The Rasmus, Desmond Child.[1] Songen vann songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu, den finske uttakinga til Eurovision Song Contest, og var dimed det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2022.[2]
Om songen
endreLåtskrivaren Ylönen har forklart at songen «handlar om ei jente som tek det ho vil ha, utan å spørje, som ei fri sjel».[3] Det er også ei hylling til «sterke kvinner, som er stolte over kroppen sin, bestemmer over eigen sensualitet og seksualitet, og som er fast bestemt på å vere likeverdige».[3] Songtittelen viser til Jesabel, ein bibelsk skikkelse som var dronninga av Israel.[4]
The Rasmus hadde lenge hatt planar om å delta i Uuden Musiikin Kilpailu, det finske svaret på Melodi Grand Prix, men gruppa meinte dei ikkje hadde riktig låt. Foran 2022-tevlinga, kom dei i kontakt med den amerikanske musikkprodusenten og musikaren Desmond Child. The Rasmus har tidlegare jobba med Child på 2008-albumet Black Roses, og dei kalla det «rått» å få jobbe saman med han igjen. «Han veit å setje saman ein hitsong», sa bandet ved utgjevinga av songen.[3]
«Jezebel» var ein av deltakarlåtane i Uuden Musiikin Kilpailu 2022, der han vann ein klår siger. Som vinnar av tevlinga vart han det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[2] «Jezebel» deltok på og opna den andre semifinalen torsdag 12. mai 2022. Han gjekk til finalen, og vart nummer 21 av 25 med 38 poeng.[5]
Listeplasseringar
endreListe (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
Finland (Suomen virallinen lista)[6] | 4 |
Litauen (AGATA)[7] | 24 |
Storbritannia (UK Download (OCC))[8] | 34 |
Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[9] | 7 |
Tsjekkia (Rádio – Top 100)[10] | 5 |
Kjelder
endre- ↑ «Listen to The Rasmus' Eurovision entry bid and new single 'Jezebel'». NME (på engelsk). 17. januar 2022. Henta 28. februar 2022.
- ↑ 2,0 2,1 «The Finnish flag will be flown by The Rasmus at Eurovision in Turin 🇫🇮». Eurovision.tv (på engelsk). 26. februar 2022. Henta 28. februar 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Blabbermouth (17. januar 2022). «THE RASMUS Releases New Single 'Jezebel'». BLABBERMOUTH.NET. Henta 28. februar 2022.
- ↑ Groth, Bente (9. juli 2021). «Jesabel». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Henta 28. februar 2022.
- ↑ «The Rasmus - Finland - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.
- ↑ «The Rasmus – Jezebel». Suomen virallinen lista (på finsk). Henta 27. februar 2022.
- ↑ «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). Henta 22. mai 2022.
- ↑ «Official Singles Downloads Chart Top 100 20 May 2022–26 May 2022». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. 26. mai 2022. Henta 19. juni 2022.
- ↑ «Veckolista Heatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 19. juni 2022.
- ↑ «CZ - RADIO - TOP 100 RASMUS Jezebel». hitparada.ifpicr.cz. ČNS IFPI. Henta 16. mars 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Jezebel (The Rasmus-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 14. desember 2022.