Jiaozuo
Jiaozuo (kinesisk skrift 焦作; pinyin Jiāozuò) er eit byprefektur nord i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet, som i nord grensar mot provinsen Shanxi, ligg ved elva Huang He og like sør for Taihangfjella.
Jiaozuo | |||
byprefektur | |||
Turistar i Jiazuo
| |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Provins | Henan | ||
Areal | 3 972,58 km² | ||
Folketal | 3 590 700 (2018)[1] | ||
Jiaozuo 35°13′45″N 113°13′49″E / 35.22904°N 113.2304°E | |||
Kart som viser Jiaozuo.
| |||
Wikimedia Commons: Jiaozuo |
Jiaozuo har eit areal på 4 071 km² og hadde vel 3,5 millionar ibuarar i 2010. Jiaozuo er ein av kjernebyane til tettstadområdet Zhongyuan ('den sentrale sletta') og ein regionalt sentral by lang grensa mellom Shanxi og Henan.[2] Byprefekturet omfattar åtte bydistrikt (区 qū), to byfylke (市 shì) og åtte fylke (县 xiàn).
Næringsliv
endreJiaozuo har fleire smelteverk og ein heil del maskinindustri. Jiaozuo kolkraftverk frå 2005 er eit av Kinas mest moderne kraftvarmeverk.
Transport
endreJiaozuo er det nordlege endepunktet for jernbanen mellom Jiaozuo og Liuzhou, og det sørlege endepunktet for jernbanen mellom Jiaozuo og Taiyuan. Byen har jernbanesamband til byar som Luoyang, Xinxiang og Nanyang i Henan og Jincheng i Shanxi.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.citypopulation.de/php/china-henan-admin.php.
- ↑ 焦作市城市总体规划(2011~2020年)获国务院批准_河南要闻_河南省人民政府门户网站. Henan People's Government.
- Denne artikkelen bygger på «Jiaozuo» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2012.