Jim Bengston
Jim Bengston (fødd 1942 i Evanston, Illinois, USA) er ein amerikansk fotograf og biletkunstnar, busett i Noreg.
Jim Bengston | |
Statsborgarskap | USA, Noreg |
Fødd | 31. mars 1942 (82 år) Evanston |
Yrke | fotograf |
Bengston voks opp i Chicago-området i USA. Han studerte litteratur ved Lake Forest College (1964), og var innom Princeton University. Deretter tenestegjorde han som fotoassistent i den amerikanske hæren, stasjonert i Bayern i 1967-68, før han byrja å arbeide som biletredaktør i Associated Press i New York.
I 1970 flytta han med familien til Noreg, og arbeidde som tekstforfattar, omsetjar og fotograf i Young & Rubicam før han byrja som frilansfotograf i 1975.[1]
Han har hatt ei rekkje separatutstillingar både innanlands og utanlands, og delteke i fleire kollektivutstillingar, inkludert Haustutstillinga og Fotografisk vårutstilling. Bengstons bilete er innkjøpt av ei fleire samlingar; Museum of Modern Art, New York, National Museum of American Art (Smithsonian), Washington DC, Henie Onstad Kunstsenter, Museet for samtidskunst og Norsk Kulturråd.
Bengston har vunne førstepremie i Nikons Internasjonale fotokonkurranse, og vunne reklamebransjens pris Gullblyanten her i Noreg for oppdraget på Lillehammer under Vinter-OL 1994, der han fotograferte OL-plakatane. Han er òg tildelt treårig arbeidsstipend for kunstnarar. Bengston er knytt til biletbyrået Samfoto
Bibliografi
endre- Afterwords (1978) ISBN 0-9601612-0-1
- Fiber, Kalejdoskop, Åhus, Sverige (i samarbeid med bilethoggaren Bård Breivik) (1981)
- Slow Motion (1986) ISBN 3-923283-11-3 / ISBN 3-923283-12-1 / ISBN 3-923283-13-X
- Empty Landscape, Lillehammer Kunstmuseum - Labyrinth Press (1996) ISBN 82-7393-059-9
Separatutstillingar
endre- 1979: Fotogalleriet, Oslo
- 1980: Camera Obscura, Stockholm
- 1981: Henie Onstad Kunstsenter, Høvikodden
- 1982: Trondheims Kunstforening, Trondheim
- 1982: Galleri Anders Tornberg, Lund, Sverige
- 1982: Gallerie Renn, München, Tyskland
- 1983: Galerie Lindemann, Stuttgart, Tyskland
- 1984: Galeria Image, Madrid, Spania
- 1984: Amsterdam, Paris, Bourges, Gent, Köln, Oslo. Turne med prosjektet «Alcatraz».
- 1985: Chicago, Colorado Springs, Minneapolis, New York. USA-turne med prosjektet «Alcatraz».
- 1986: Los Angeles
- 1987: Galleri Melhuus, Oslo
- 1990: Preus Fotomuseum, Horten
- 1991: Henie Onstad Kunstsenter, Høvikodden
- 1992: Kunstsentret i Oppland, Lillehammer,
- 1993: Galleri AHO, Oslo
- 1993: Jernigan/Wicker Fine Art si, San Francico
- 1994: Galleri Wang, Oslo
- 1996: Lillehammer Kunstmuseum, Lillehammer
Referansar
endre- ↑ Morten Krogvold: 103 øyeblikk norske portrettfotografi utvalgt og presentert av Morten Krogvold, Dinamo Forlag (2002) ISBN 82-8071-013-2
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Jim Bengston» frå Wikipedia på bokmål, den 26. april 2012.