Bård Breivik
Bård Breivik (23. november 1948–10. januar 2016)[1] var ein norsk bilethoggar og skulptør som vert rekna som ein føregangsmann innan konkrete objekt som skulptur. Han var fødd i Bergen og døydde i Oslo, der han då var busett.
Bård Breivik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. november 1948 Bergen i Noreg |
Død |
10. januar 2016 (67 år) |
Yrke | Kunstnar (bilethoggar) |
Språk | norsk |
Far | Thomas Breivik |
Bård Breivik på Commons |
Biografi
endreBård Breivik var utdanna frå Bergens Kunsthåndverksskole (1967-1970), og Central Saint Martins College of Art and Designs i London (1970-1971). Han var ein av dei mest internasjonale og markante biletkunstnarane i Noreg, oppteken av handverkstradisjonar. Gjennom åra, etter fleire reiser verda rundt, studerte og brukte han ulike handverksteknikkar i arbeida sine. Han har om lag 70 utstillingar over heile verda bak seg, og verka hans er innkjøpt av museum og samlingar i Norden, Vest-Europa og Nord-Amerika. Dessutan har han utført ei rekkje offentlege og private utsmykkingar. Eit større arbeid av Breivik i det offentlege rom er søylerekkjene av granitt som held oppe taka over fortauga langsetter husa på Torgallmenningen i Bergen. Då han døydde var i ferd med å utforme nye søyler i rustfritt blankt stål, ettersom dei opphavlege søylene ikkje motstod det bergenske klimaet.
Breivik stod òg bak utsmykkinga av Peter Egges plass i Trondheim, der mellom andre verka «Nålen», «Munken» og «Nonnen» inngår, og Klosterenga skulpturpark i Gamlebyen i Oslo, med «Den flerkulturelle plass» med skulpturar og basseng i austenden. Breivik har òg utforma Tusenårsstaden Gulatinget, som er eit monument over tingstaden der Gulatinget vart halde. Monumentet består av «Tingveggen», «Tinghella» og «Eldsirkelen», og vart høgtideleg opna siste helga i august i 2005.
Bård Breivik har vore professor i skulptur ved Kunstakademiet i Stockholm 1982-85. Han har budd og arbeidd i Oslo, Sibbhult i Sverige, New York og i Xiamen i Kina.
Separatutstillingar, prosjekt (i utval)
endre- Galleri Anhava, Helsingfors (2009)
- "Referat 76-08" Sørlandets Kunstmuseum (2008)
- Galleri Bouhlou, Bergen (2007)
- Bomuldsfabriken, Arendal (2007)
- Vida, Öland (2006)
- Skulpturens Hus, Stockholm (2006)
- Galleri Brandstrup, Oslo (2006)
- "Vortex - works in progress" Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Oslo (2006)
- Galleri Riis, Oslo (2005)
- Galleri Anhava, Helsingfors (2004)
- Galleri Riis & Galleri Brandstrup, Oslo (2003)
- The Chinese European Art Centre, Xiamen (2000)
- «Man Man Lai» Bomuldsfabriken Arendal (1999)
- Samtidskunstmuseum, Oslo (1998)
- Malmö Konstmuseum (1996)
- Kunstnersforbundet i Oslo (1996)
- Samtidskunstmuseum, Oslo (1994)
- German van Eck, New York (1992)
- Lillehammer Kunstmuseum (1992)
- Galleri Artek, Helsingfors (1992)
- Millesgården, Stockholm (1992)
- Citadel, Oslo (1990)
- German van Eck Gallery, New York (1990)
- Centre for Contemporary Art, Chicago (1990)
- Galleri Stefan Anderson, Umeå (1989)
- Galleri Artek, Helsingfors (1989)
- Galleri Riis, Oslo (1989)
- Festspillutstillingen, Bergens Kunstforening (1988)
- Edward Thordens Galleri, Göteborg (1988)
- German van Eck Gallery, New York (1988)
- «Granit» Belfort, Frankrike (1988)
- Høymagasinet, Galleri Riis, Oslo (1987)
- Galleri Eklund, Umeå(1987)
- Galerie Artek, Helsingfors (1986)
- German van Eck Gallery, New York (1986)
- Galleri Nordenhake, Malmö (1985)
- Bergen Billedgalleri (1985)
- Galleri Riis, Oslo (1985)
- Norrköpings Konstmuseum (1984)
- Galleri Nordenhake, Malmö(1983)
- Galeri Nemo, Eckenförde (1983)
- Galleri Aronowitsch, Stockholm (1982)
- Galleri Pictura, Lunds Universitet (1982)
- Oscarsson-Hood Gallery, New York (1982)
- «Fiber» Henie-Onstad Kunstsenter, Høvikodden (1981)
- Trondhjems Kunstforening (1981)
- Galleri Sculptor, Helsingfors (1981)
- Galleri Wallner, Malmö (1979)
- Galleri Dobloug, Oslo (1979)
- Galleri 1, Bergen (1974)
Gruppeutstillingar, prosjekt, festivalar (i utval)
endre- Third Beijing Art Biennale (2008)
- Blickachsen IV, Bad Homburg v.d. Höhe (2005)
- Rikshospitalet, Oslo (1997)
- La Hora del Norte, Nordisk samtidskunst i Madrid (1995)
- Juxtaposition, Charlottenborg i København (1993)
- Sao Paulo Biennale (1991)
- Wanås Slottspark (1990)
- Socrates Sculpture Garden, New York (1990)
- Kulturlandskap Nordland, Narvik (1990)
- Dörrie Priess Gallery, Hamburg (1990)
- «Northlands» MOMA, Oxford Trinity College i Dublin (1990)
- «Meeting in the North» Kunstnernes Hus i Oslo (1989)
- Forum, Hamburg (1989)
- «3 Contemporary Norwegian Artists» Centro Culturale Arte Contemporaneo i Mexico (1988)
- «Scandinavia Today» Seibu Museum of Art i Tokyo (1987)
- «Norealis» DAAD Galerie, Berlin (1987)
- «Scandinavia Today» Seibu Museum of Art, Tokyo (1987)
- «La Biennale di Venezia»- Norges representant (1986)
- «Nordanad» Musée des Arts Decoratifs- Paris & Malmö Konsthall (1986)
- «Sculpture Unbound», New York (1986)
- «Art in Norway Today», London (1985)
- «Kunst in Norwegen Heute» Neue Galerie Aachen (1985)
- «Borealis 2: The Nordi Biennial» Henie-Onstad Kunstsenter, Høvikodden (1985)
- «ARS '83» Athenaeums Konstmuseum, Helsingfors (1983)
- «Sleeping Beauty: Scandinavian Art Now», Guggenheim Museum i New York (1982-1983)
- «Materia/Minne» vandreutstilling Lund/Helsingfors/København/Oslo (1981)
- «Norwegische Kunst Heute» Kunsthalle zu Kiel (1981)
- «LYN utstilling», Bergens kunstforening (1980)
- «Shelter / Öga mot Öga», Liljevalchs Konstmuseum i Stockholm (1977)
- «Ny Bergensskulptur», Oslo Kunstforening (1972)
Utsmykkingar
endre- Ole Johan Dahls hus («IFI 2») ved Universitetet i Oslo (2009)
- «Gulatinget» i Sogn og Fjordane (2004)
- Klosterenga skulpturpark i Oslo (1999)
- «Standing Stones» i London (1999)
- Torgallmenningen i Bergen (1998)
- Jussi Björling platsen i Göteborg (1994)
- Lunds Universitet (1993)
- Lillehammer kunstmuseum (1992)
- «Citadel» i Oslo (1990)
- Socrates Sculpture Garden i New York (1990)
- Kulturlandskap Nordland i Narvik (1990)
- Christieparken i Bergen (1989)
- Wanås Slottspark (1987)
- Norsk Hydro i Bergen (1986)
- «A Wall Cut Through» Borealis I på Høvikodden (1985)
- Regjeringsbygninga i Oslo (1981)
- Nationaltheatret stasjon i Oslo (1980)
- Laksevåg yrkesskole (1978)
- Universitetet i Bergen (1976)
Innkjøp
endre- Ateneum, Helsingfors
- Bergen Art Museum
- Bergen Billedgalleri
- Centro Cultural Arte Contemporaneo i Mexico
- Fredrik Roos Collection i Rooseum i Malmö
- Göteborgs Konstmuseum
- Henie-Onstad Kunstsenter på Høvikodden
- Kunsthalle zu Kiel
- Lübeck Museum
- Malmö Konsthall
- Malmö Museum
- Moderna Museet i Stockholm
- Norrköpings Konstmuseum
- Power Collection, Sydney
- Rogaland Kunstmuseum i Stavanger
- Samtidskunstmuseum i Oslo
- Sara Hilden Art Museum, Tammerfors i Finland
- Stavanger Art Museum
- Trøndelag Kunstmuseum i Trondheim
Kjelder
endre- ↑ «Bård Breivik er død». Aftenposten. 10. januar 2016. Henta 11. januar 2016.
- Omsett frå «Bård Breivik», innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 20:41.
Bakgrunnsstoff
endre- Bård Breivik Arkivert 2018-07-09 ved Wayback Machine.
- Klosterenga Skulpturpark