Jim Marshall
James Joseph Marshall (3. februar 1936–24. mars 2010)[1] var ein amerikansk fotograf, ofte av rockestjerner. Han hadde tilgang til mange musikarar gjennom 1960- og 1970-åra, og var mellom anna bak scenen på den siste betalte konserten til The Beatles i Candlestick Park i San Francisco, og han var hovudfotografen på Woodstockfestivalen.
Jim Marshall | |
Nasjonalitet | USA-amerikansk |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 3. februar 1936 Chicago, Illinois i USA |
Død |
24. mars 2010 (74 år) |
Yrke | Fotograf |
Språk | engelsk |
Nettstad | http://jimmarshallphotographyllc.com/ |
Jim Marshall på Commons |
Han vart hyrt av Atlantic Records og Columbia Records til å fotografere artistane deira. Bileta hans er på plateomslaga til meir enn 500 plater og enno fleire bilete vart publiserte i Rolling Stone.[2] Han fotograferte Jimi Hendrix som sette fyr på gitaren sin på Monterey Pop Festival, og Johnny Cash i San Quentin.[3]
Bileta hans av Neil Young, Janis Joplin, Bob Dylan, Jim Morrison, Allman Brothers, The Who, Led Zeppelin, Grateful Dead, Jefferson Airplane, Guns N' Roses, Santana og The Beatles var med å definere desse og sjølve rock and roll-fotografia i seg sjølv.[2][3] Marshall fotograferte òg jazzmusikarar som Thelonious Monk, John Coltrane og Miles Davis.[3]
I 2014 fekk Marshall posthumt ein Trustees Award (som er ein del av Lifetime Achievement Awards) under Grammyprisutdelinga det året[4]
Personleg liv
endreMarshall hadde ikkje barn og i 1967 var han kjæraste med Abigail Folger, som vart drepen i 1969 av følgjarne til Charles Manson.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jim Marshall (photographer)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Jim Marshall, legendary photographer».[daud lenkje]
- ↑ 2,0 2,1 «Jim Marshall, Legendary Rock Photographer, Passes Away at 74». Rolling Stone. 24. mars 2010. Arkivert frå originalen 15. juni 2018. Henta 20. oktober 2018.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Sisario, Ben (24. mars 2010). «Jim Marshall, Rock ’n’ Roll Photographer, Dies at 74». The New York Times. Henta 20. oktober 2018.
- ↑ «Special Merit Awards: Class Of 2014». GRAMMY.com. 12. desember 2013. Henta 20. oktober 2018.