The Allman Brothers Band

(Omdirigert frå Allman Brothers)

The Allman Brothers Band var eit USA-amerikansk rockeband skipa i Jacksonville i Florida i USA i 1969 av brørne Duane Allman (slidegitar og sologitar) og Gregg Allman (vokal, klaverinstrument, låtskriving), i lag med Dickey Betts (sologitar, vokal, låtskriving), Berry Oakley (bassgitar), Butch Trucks (trommer) og Jai Johanny «Jaimoe» Johanson (trommer). Bandet brukte element av Southern rock, blues, jazz og country, og konsertane deira bestod ofte av lange improviserte jammar og instrumentalar.

The Allman Brothers Band

The Allman Brothers Band i 1972. Frå venstre til høgre: Butch Trucks, Dickey Betts, Jaimoe Johanson, Gregg Allman, Berry Oakley
OpphavJacksonville i Florida i USA
Aktiv1969–1976, 1978–1982, 1989–2014
Sjanger
Tilknytte artistarGov't Mule, The Dead, The Derek Trucks Band, Derek and the Dominos, Hour Glass, Great Southern, Sea Level, Les Brers, Tedeschi Trucks Band
PlateselskapCapricorn, PolyGram, Arista, Epic, Sanctuary
Tidlegare medlemmerDuane Allman
Gregg Allman
Dickey Betts
Jai Johanny «Jaimoe» Johanson
Berry Oakley
Butch Trucks
Chuck Leavell
Lamar Williams
David Goldflies
Dan Toler
Mike Lawler
David «Frankie» Toler
Warren Haynes
Johnny Neel
Allen Woody
Marc Quiñones
Oteil Burbridge
Jack Pearson
Derek Trucks
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame

Dei to første studioalbuma deira selde dårleg, men konsertutgjevinga At Fillmore East frå 1971 vart eit stort gjennombrot. Albumet inneheld lange utgåver av songane «In Memory of Elizabeth Reed» og «Whipping Post», og vert ofte rekna blant dei beste konsertalbuma som finst. Gruppeleiaren Duane Allman omkom i ei motorsykkelulukke seinare det året og bandet dediserte Eat a Peach (1972) i hans minne, eit dels studio- dels konsertalbum som sementerte populariteten deira. Seinare det året døydde òg bassisten Berry Oakley i ei motorsykkelulukke og bandet henta inn klaverspelaren Chuck Leavell og bassisten Lamar Williams for albumet Brothers and Sisters i 1973, med hitsingelen «Ramblin' Man». Intern krangling gjorde at bandet vart oppløyst i 1976, men dei kom saman att mot slutten av 1970-åra før dei vart oppløyst att i 1982.

Bandet kom saman att i 1989 og gav ut fleire nye album og turnerte mykje. Bandet gav seg for godt i 2014.

Bandet har fått sju gull- og fire platinaplater i USA,[2] og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1995. Rolling Stone rangerte dei på 52. plassen på lista si over dei 100 beste artistane gjennom tidene i 2004.[3]

Historie endre

Starten (1965–1969) endre

 
«The Big House,» sett her i 2009: Bandet budde i dette huset tidleg i 1970-åra.

Duane Allman, og den yngre broren Gregg, voks opp i Daytona Beach i Florida. Gregg var den første til å lære seg gitar, men broren gjekk snart forbi han og slutta på skulen for å kunne øve heile tida.[4] Duoen skipa det første bandet sitt, The Escorts, som utvikla seg til å bli Allman Joys i midten av 1960-åra.[5][6] Då ein svart ven introduserte Gregg for R&B og soul, byrja dei å ta med dette i musikken sin. I 1967 heldt gruppa seg i St. Louis, der ein platesjef frå Los Angeles oppdaga dei. Dei flytta etter kvart til vestkysten og kalla seg Hour Glass, og spelte inn to mislukka album for Liberty Records.[5][7] Duane flytta attende for å satse på ein karriere som studiomusikar i Muscle Shoals i Alabama, medan Gregg vart verande att i Hollywood for å oppfylle kontrakten med Liberty, som meinte han kunne klare seg som soloartist.[8] Dei to var først frå kvarandre i eitt år, men møttest i Miami, der dei spelte inn ein album-lang demo med The 31st of February, ei gruppe der trommeslagaren Butch Trucks spelte.[9]

I FAME Studios i Muscle Shoals vart Duane Allman den fremste studiogitaristen og spelte på innspelingar med artistar som Aretha Franklin og King Curtis.[5][10] Duane føreslo for Wilson Pickett at dei skulle spele inn ein versjon av «Hey Jude» av The Beatles. Singelen nådde 23. plassen på den nasjonale singellista.[11] FAME signerte Duane til ein fem år lang platekontrakt, og han sette saman ei gruppe med Johnny Sandlin og Paul Hornsby. Duane henta inn Jai Johanny Johanson (Jaimoe) etter å ha høyrt han spele trommer på ein demo for Jackie Avery, og dei to flytta til heimen hans ved Tennessee River. Allman inviterte med seg bassisten Berry Oakley til å jamme med den nye gruppa. Dei hadde møttest i ein klubb i Macon i Georgia noko tidlegare og vart raskt vener.[12] Gruppa fekk umiddelbar god kjemi og Duane sin visjon om eit «annleis» band eit med to sologitaristar og to trommeslagarar, byrja å ta form.[12] Samstundes såg Phil Walden, manageren for den avdøde Otis Redding og fleire andre R&B-artistar, seg om etter eit rockeband han kunne styre.[13] FAME-eigaren Hall vart frustrert over innspelingsmetodane til bandet, og gav spora dei hadde spelt inn og kontrakten deira til Walden og Jerry Wexler i Atlantic Records, som kjøpte dei for 10 000 dollar.[14] Walden planla at gruppa skulle bli midtpunktet på den nye etiketten til Atlantic, Capricorn.[15]

Duane og Jaimoe flytta til Jacksonville tidleg i mars 1969 sidan Duane var blitt frustrert over å vere ein «robot» ved FAME.[16] Han inviterte alle som ville med seg på jammar som utvikla seg til å bli The Allman Brothers Band. Dickey Betts, leiaren i det førre bandet til Oakley, The Second Coming, vart den andre sologitaristen i bandet, medan Butch Trucks, som Duane og Gregg hadde spelt inn ein demo med året før, vart den nye, andre trommisen i bandet.[17] The Second Coming-medlemmen Reese Wynans spelte klaverinstrument, og Duane, Oakley og Betts song alle vokal.[17] Utan namn byrja bandet å halde gratiskonsertar i Willow Branch Park i Jacksonville, med stadig forskjellige musikarar i bandet.[18] Duane følte sterkt at broren burde bli vokalist i den nye gruppa (som då fjerna Wynans, sidan Gregg òg spelte klaverinstrument).[19] Gregg forlèt Los Angeles og vart med på øvingar den 26. mars 1969, då gruppa øvde på Muddy Waters sin «Trouble No More»[20] Sjølv om Gregg i røynda var skremd av musikarane, pressa Duane han til å «syngje med alt han hadde».[21] Fire dagar seinare heldt gruppa debutkonserten sin i Jacksonville Armory.[21] Sjølv om det vart føreslått mange namn, som Beelzebub, valde det seks mann store bandet til slutt å ta namnet The Allman Brothers Band.[22]

Debut og tidlege år (1969–1970) endre

Gruppa flytta til Macon i Georgia innan 1. mai der Walden skipa Capricorn Records.[23] Mike Callahan og Joseph «Red Dog» Campbell vart tidlege scenearbeidarar for bandet. «Red Dog» var ein funksjonshemma Vietnam-veteran som donerte dei månadlege forsikringspengane sine til bandet.[24][25]

Gruppa skapte ein sterk brorskap, brukte endelause timar på øving, tok psykedeliske narkotika i lag, og hengde ved Rose Hill Cemetery, der dei skreiv songar.[26] Den første konserten deira utafor Sørstatane kom 30. og 31. mai i Boston, der dei varma opp for The Velvet Underground.[26] Gruppa trengde nok songar og omgjorde gamle bluessongar som «Trouble No More» og «One Way Out», i tillegg til improviserte jammar som «Mountain Jam».[27] Gregg, som hadde slite med å skrive songar tidlegare, vart den fremste låtskrivaren i bandet, og skreiv songar som «Whipping Post» og «Black-Hearted Woman».[28] Bandet skulle opphavleg spele inn det første albumet i Miami med Cream- og John Coltrane-produsenten Tom Dowd, men var ikkje tilgjengeleg.[29] I staden drog dei til New York City i august 1969 for å arbeide med den faste lydteknikaren Adrian Barber, som gjorde si første innspeling som produsent.[30] The Allman Brothers Band vart spelt inn og miksa i løpet av to veker,[30] og viste seg å vere ei positiv oppleving for ensemblet.[31] New York kom til å bli rekna som «den andre heimen» deira[30] The Allman Brothers Band kom ut i november 1969 på Atco og Capricorn Records,[32] men selde dårleg, mindre enn 35 000 eksemplar då det først kom ut.[33]

Platedirektørane føreslo at Walden skulle flytte bandet til New York eller Los Angeles for å «akklimatisere» dei for industrien. «Dei ønskte at me skulle te oss 'som eit rockeband', og me bad dei om å dra til helvete», fortalte Trucks.[34] Bandet var likevel optimistiske og valde å bli verande i sør. «Alle sa me kom til å køyre av vegen der nede», sa Gregg Allman,[34] men samarbeidet mellom bandet og Capricorn Records «omgjorde Macon frå ein søvnig liten by til ein særs hip, gal og vill stad fylt med bikerar og rockarar».[35] Bandet leigde eit gardshus ved ein innsjø utafor Macon, og det var så mange folk som kom og gjekk at det minna dei om Idlewild Airport i New York City.[36] Idlewild South var åstad for mange øvingar og festar og det ar «der brorskapen vart skapt», i følgje scenearbeidaren Kim Payne. «Det vart gjort ei pakt der kring eit leirbål - alle for ein og ein for alle ... Alle trudde hundre prosent på bandet.»[36] Det meste av materialet for det andre albumet til bandet, Idlewild South, kom frå dette huset.[36] Kona til Oakley leigde eit stort, viktoriansk hus i 2321 Vineville Avenue i Macon og bandet flytta der og kalla det «The Big House» i mars 1970.[37]

Konsertar, At Fillmore East og gjennombrot (1970–1971) endre

 
Duane Allman, leiaren i gruppa, omkom i ei motorsykkelulukke i 1971.

Bandet spelte mykje gjennom heile 1970, over 300 konsertar i ein Ford Econoline-van og seinare ein Winnebago, som dei kalla The Wind Bag.[38][39] Walden tvilte på framtida til bandet og var uroa om dei nokon gang kom til å slå gjennom, men ryktet deira spreidde seg etter kvart som dei heldt stadig fleire konsertar og publikummet deira vart større.[40] Ein tungt dopmisbruk breidde om seg i gruppa, og alle utanom brørne sleit med å få endene til å møtast.[41] Ved eit høve knivstakk turnémanageren Twiggs Lyndon og drap ein promoter som ikkje hadde betalt bandet. Han sa seinare han var mellombels galen under gjerninga.[42][43] Seinare det året tok Duane ved eit uhell ein overdose opium etter ein konsert.[44] Idlewild South vart produsert av Tom Dowd og spelt inn over ein periode på fem månader i forskjellige byar, inkludert New York, Miami og Macon, og det inneheld to av dei mest kjende songane til bandet, «Midnight Rider» og «In Memory of Elizabeth Reed», som vart ein av dei faste konsertlåtane deira.[5]

Idlewild South kom ut på Atco og Capricorn Records i september 1970, mindre enn eitt år etter debuten.[36] Albumet selde berre «marginalt betre enn føregangaren» men ryktet til bandet byrja å spreie seg ytterlegare og songane på albumet vart etter kvart mykje spelt på rockeradio.»[40] Kort tid etter innspelinga var over, sette Down Duane i kontakt med gitaristen Eric Clapton, som inviterte han med på det nye prosjektet sitt, Derek and the Dominos. Allman var ein stor fan av arbeidet Clapton hadde gjort i Cream, og Clapton hadde blitt blåst av banen av arbeidet Allman hadde gjort på Wilson Pickett sin versjon av «Hey Jude» nokre år tidlegare.[45] Dei møtte kvarandre etter ein konsert i Miami og jamma i lag til neste ettermiddag,[46] og dei to gitaristane rekna kvarandre som «umiddelbare sjelefrender».[47] Clapton inviterte Duane med seg i Derek and the Dominos, og i følgje fleire kjelder skal han ha vurdert det, men avslo til slutt tilbodet og kom attende til The Allman Brothers Band etter å ha gått glipp av ei rekkje konsertar.[48] Innspelingane vart samla på Layla and Other Assorted Love Songs, som kom ut i november det året.

Lagnaden deira endra seg i løpet av 1971, då inntektene til bandet dobla seg.[49] «Me forstod at publikummet var ein stor del av det me gjorde, noko me ikkje kunne gjenskape i studio. Ei lys gjekk opp for oss då me forstod at me måtte lage eit konsertalbum,» sa Gregg Allman.[50] At Fillmore East vart spelt inn i løpet av tre kveldar frå 11. til 13. mars 1971 i Fillmore East i New York, der bandet fekk 1 250 dollar per kveld.[50] At Fillmore East kom ut i juli 1971 på Capricorn Records som eit dobbeltalbum, men med same pris som ei enkelplate.[51] Dei førre albuma hadde brukt månader på å nå salslista (ofte berre i botnen av Topp 200), men dette albumet byrja å klatre på lista etter berre få dagar.[52] At Fillmore East nådde 13. plassen på Billboard Top Pop Albums-lista og selde til gullplate hos Recording Industry Association of America i oktober same året, og vart det kommersielle og kunstnariske gjennombrotet deira.[52] Albumet vert ofte trekt fram som eit av dei beste konsertalbuma gjennom tidene, og i 2004 vart det vald ut av Library of Congress for National Recording Registry.[53]

Eat a Peach og dødsfall (1971–1972) endre

Bandet var no blitt ein suksess og dei vart velhaldne, men mange i bandet sleit med eit heroinmisbruk. Fire av medlemmane - gruppeleiaren Duane Allman, bassisten Berry Oakley og scenarbeidarane Robert Payne og Red Dog Campbell — la seg inn på Linwood-Bryant Hospital for rehabilitering i oktober 1971.[54] Den 29. oktober 1971 vart Duane Allman, berre 24 år gammal, drepen i ei motorsykkelulukke dagen etter han kom heim att til Macon. Allman køyrde på motorsykkelen sin i høg fart mot krysset ved Hillcrest Avenue og Bartlett Street medan ein lastebil med tømmerkane kom køyrande.[55] Lastebilen stoppa brått i krysset, og Allman måtte kaste seg til venstre med sykkelen for å unngå ein kollisjon. Han trefte då anten bakenden av lastebilen eller kula på tømmerkranen og vart kasta av sykkelen.[55] Motorsykkelen vart kasta opp i lufta, landa på Allman og sklei 30 meter bortover med Allman under seg, og alle dei indre organa hans vart øydelagde.[56] Sjølv om han framleis var i live då han kom til sjukehuset, stod ikkje livet hans til å redde, trass i operasjonar, og han døydde fleire timar seinare frå dei massive skadane.[57]

Bandet heldt eit møte om framtida si og det vart klart at alle ønskte å fortsette. Etter ein kort pause la bandet ut på vegen att.[58] «Med hadde alle denne greia i oss, som Duane sette der. Han var læraren og han gav noko til oss - elevane hans - som me måtte fullføre», sa trommeslagaren Butch Trucks.[59] Bandet vendte attende til Miami i desember for å fullføre det tredje albumet deira.[60] Dei gjorde ferdig innspelinga av Eat a Peach. «Musikken gav oss liv att, og det var noko alle forstod samstundes. Me fann styrke, vitalitet, nyskaping, årsak og samhøyrsle då me arbeidde med å fullføre Eat a Peach», sa Allman.[61] «Dei siste tre songane flaut liksom berre rett ut av oss. Musikken var framleis god, han var rik, og me hadde denne energien. Det var framleis The Allman Brothers Band.»[61] Eat a Peach kom ut i februar 1972 og vart det andre hitalbumet deira. Det gav dei ei gullplate og det nådde fjerdeplassen på Billboard Top 200 Pop Albums-lista.[5] «Me hadde vore gjennom eit helvete, men klarte å kome ut av det større enn me nokon gong hadde vore» sa Gregg Allman.[62]

Bandet heldt nesten 90 konsertar året etter, og turnerte som eit femmannsband.[63] Bandet kjøpte òg 175 mål med jord i Juliette i Georgia for 160 000 dollar, og kalla det «The Farm». Dette vart etter kort tid staden dei oppheldt seg på og oppfylte draumen til bassisten Oakley om ein fellesbustad.[64] Oakley sleit derimot med tapet av venen og drakk mykje alkohol og tok mykje dop. Han gjekk som følgje av det mykje ned i vekt.[65] I følgje vener og familie verka det som om han hadde mista «alt håp, hjartet sitt, drivkrafta si, ambisjonane sine og retninga si» etter Duane døydde.[66] «Alt Berry hadde sett for seg - inkludert mannskapet, kvinnene og barna - vart knust den dagen Duane døydde, og han brydde seg ikkje meir etter det» sa scenearbeidaren Kim Payne.[67] Den 11. november 1972 var Oakley full då han krasja motorsykkelen sin inn i sidan på ein buss, berre tre kvartal frå der Duane hadde omkomme.[68] Han ønskte ikkje å dra til sjukehus og drog i staden heim, men vart stadig meir ute av seg. Han vart teken til sjukehus der han kort tid etter døydde av hjerneskade etter eit brot på hovudskallen.[69] Oakley vart gravlagd ved sidan av Duane i Rose Hill Cemetery i Macon.[70]

Brothers and Sisters (1973–1976) endre

 
Gregg Allman på turné med bandet i 1975.

Bandet valde å halde fram og arrangerte prøvespeling for nye bassistar. Fleire fekk prøve seg før bandet valde ut Lamar Williams, ein gammal ven av trommeslagaren Jai Johanny Johanson frå Gulfport i Mississippi.[71] Chuck Leavell vart spurt om å spele piano på soloalbumet til Allman, Laid Back (1973), og gradvis var han med i bandet òg.[72] Dickey Betts vart den eigentlege leiaren i bandet under innspelingane, ein prosess som skjedde gradvis då Betts byrja å skrive meir av songane deira.[73] Brothers and Sisters vart ein enorm suksess og gjekk til topps på albumlista i USA.[74] «Ramblin' Man», ein countryaktig song av Betts, vart mykje spelt på radio og klatra til andreplassen på Billboard Hot 100.[5]

The Allman Brothers Band vendte attende til turneane sine, og spelte på større konsertstader, fekk større inntekter og sleit med dårlegare venskap, mistydingar og stadig aukande dopmisbruk.[5][75] Dette kulminerte med ein slåsskamp bak scenen då bandet spelte med The Grateful Dead i WashingtonRFK Stadium i juni 1973. Dette førte til at tre av dei langvarige scenearbeidarane deira fekk sparken.[76] Bandet spelte på arenaer og stadion medan dopmisbruket eskalerte. I 1974 tente bandet visstnok 100 000 dollar per konsert og leigde The Starship, eit spesialbygd Boeing 720B nytta av Led Zeppelin og The Rolling Stones.[77] «Då me fekk det jævla flyet var det byrjinga på slutten», sa Allman. Både Allman og Betts gav ut soloalbum som nådde topp 20 i 1974 (The Gregg Allman Tour og Highway Call).[78] Innspelingane som skapte Win, Lose or Draw i 1975 var det siste albumet av det originale Allman Brothers Band og var usamanhengande. Gregg Allman budde stort sett i Los Angeles med kjærasten Cher, og var i følgje biografiforfattaren Alan Paul, «blitt meir kjend for å vere kjend enn for musikken.»[79] Vokalen hans vart spelt inn der, sidan han ikkje gadd å reise attende til Macon.[5] Då albumet kom ut vart det rekna som dårlegare enn føregangarane og selde heller ikkje like bra. Bandet sa seinare at dei var flau over dette albumet.[80]

 
Klaverspelaren Chuck Leavell byrja å spele med bandet i 1973.

Frå august 1975 til mai 1976 spelte Allman Brothers Band 41 konsertar føre store publikum.[81] Gradvis voks bandmedlemmane frå kvarandre, og lydsjekkar og øvingar vart noko dei ikkje gjorde lenger.[81] Allman omtalte seinare ein konsert dei gjorde for presidentkandidaten Jimmy Carter (ein uttalt fan av gruppa) som det einaste verkelege «høgdepunktet» på ein elles «tøff, tøff turné». Konsertane vart rekna som glanslause og medlemmane tok mykje dop.[25][82] Bristepunktet kom då Gregg Allman vitna i retten mot vaktmannen Scooter Herring.[5] Bandkollegaene rekna han som «tystar», og han fekk dødstrugslar, noko som førte til at han vart passa på av politiet.[83] Herring vart dømd for fem avtalar om distribusjon av kokain og fekk 75 år i fengsel, som seinare vart redusert før presidenten Carter benåda han.[83] Allman har alltid sagt at Herring bad han om å ta avtalen og at Herring skulle ta skulda. Likevel nekta bandet å snakke med Allman etter hendinga.[83] Som følgje av dette vart bandet til slutt oppløyst. Leavell, Williams og Jaimoe fortsette å spele i lag i Sea Level, og Betts skipa Great Southern, medan Allman skipa Gregg Allman Band.[84] Konsertalbumet Wipe the Windows, Check the Oil, Dollar Gas frå 1976 vart rekna som «det siste andedraget til eit døyande band», som var uheldig for Capricorn Records, som desperat trengde at bandet heldt i lag for å sjølv ikkje gå under.[85]

Gjenforening og ny pause (1979–1988) endre

I 1978 vart Allman og Walden først møtt av Betts med tanken på å kome saman att.[84] Den førte konserten deira i lag var på ein Great Southern-konsert i Central Park i New York den sommaren, då Allman, Trucks og Jaimoe kom på scenen for å spele eit par songar.[78] Williams og Leavell ønskte ikkje å forlate Sea Level, så Allman Brothers Band tok inn gitaristen Dan Toler og bassisten David Goldflies frå Great Southern.[84] Bandet kom saman att med Tom Dowd i Criteria Studios i Miami for å spele inn eit nytt album. Det kom ut i februar 1979 som Enlightened Rogues, eit omgrep Duane brukte for å skildre bandet.[86] Medan bandet «prøvde å få det til å skje», konkluderte dei seinare med at kjemien rett og slett ikkje var der. Albumet vart ein mindre salssuksess, redda av produksjonsarbeidet til Dowd.[87] Betts saksøkte Walden for å halde utbetalingar attende og advokaten til Betts, Steve Massarsky, byrja å styre gruppa.[87] Betts vann søksmålet, og resten av bandet saksøkte medan Capricorn erklærte seg konkurs i oktober det året.[88] Massarsky leia forsøket på å få bandet signert til Arista, som pressa bandet til å «modernisere» stilen sin.[89] «Arista-grunnleggjaren Clive Davis øydela håpet om at me skulle klare å få dette til å fungere igjen,» sa Trucks seinare. «Han ønskte at me skulle bli ein sørstatsversjon av Led Zeppelin og henta inn produsentar frå utsida og det vart berre verre.»[90]

Det første albumet deira for Arista, Reach for the Sky (1980), vart produsert av Nashville-låtskrivarane Mike Lawler og Johnny Cobb.[89] Bonnie Bramlett, som turnerte med bandet på slutten av tiåret, song solo på ein song.[91] Lawler vart snart ein del av turnéensemblet deira og arbeidde inn keytar-soloar «som det meste av fansen reknar som botnpunktet til bandet.»[89] Dopmisbruktet vart verande eit problem for bandet, særleg hos Betts og Allman.[92] Sjølv om albumet vart laga med føremålet om å skape ein hitsingel, var ikkje southern rock-sjangeren lenger like populær som han hadde vore.[90] Bandet voks frå kvarandre igjen, den langvarige scenearbeidaren «Red Dog» fekk sparken og vart erstatta av Jaimoe med broren til Toler, Frankie, som hadde vore medlem av Great Southern.[93] Hovudpunktet i striden var at Jaimoe insisterte på at kona hans og manageren Candace Oakley (syster til Berry), skulle ta seg av forretningane.[93] «Ein av dei største skamplettane i historia til The Allman Brothers Band var at Jaimoe, denne flotte fyren, fekk sparken frå denne organisasjonen», sa Allman seinare.[94]

For det andre og siste albumet deira på Arista, Brothers of the Road (1981), samarbeidde dei med ein «kjend produsent» (John Ryan frå Styx og The Doobie Brothers), som pressa bandet hardare for å endre stilen deira.[95] «Straight from the Heart» var singelen på albumet og det vart ein liten hit, men var òg den siste songen deira som nådde topp 40 i USA.[78] Bandet vart oppløyst igjen i 1982 etter ein krangel med Clive Davis som avviste alle produsentane bandet føreslo for eit mogeleg tredje album, inkludert Tom Dowd og Johnny Sandlin.[96] Den siste framføringa til bandet kom på Saturday Night Live i januar 1982, der dei spelte «Southbound» og «Leavin'.»[97] Medlemanne kom stundom saman att dei neste åra. I 1986 turnerte Betts og Allman i lag.[98] Allman fekk eit lyspunkt i solokarrieren sin då ha gav ut det første albumet sitt på over eit tiår i 1987, I'm No Angel. Tittelsporet vart ein overraskande hit og nådde 49. plassen på Billboard Hot 100 og gjekk til topps på Mainstream Rock Tracks-lista.[99]

Andre gjenforeining (1989–1996) endre

 
Gitaristen Warren Haynes, seint i 1990-åra, kom inn i bandet under den andre gjenforeininga.

The Allman Brothers Band feira 20-årsjubileum i 1989 og kom saman for ein turné den sommaren, med Jaimoe med på trommer igjen.[100] I tillegg hadde dei med seg gitaristen Warren Haynes og pianisten Johnny Neel, begge frå The Dickey Betts Band, og bassisten Allen Woody, som kom inn etter det vart halde prøvespelingar i studioet til Trucks i Florida.[100] Radioformatet classic rock hadde gjort songkatalogen til bandet populært att, og det same gjorde ein CD-boks, Dreams.[101] Epic, som hadde arbeidd med Allman på solokarrieren hans, signerte ein kontrakt med bandet. Danny Goldberg vart manageren til bandet. Han hadde tidlegare arbeidd med artistar som Led Zeppelin og Bonnie Raitt.[102] Gruppa var i starten lunkne til å turnere, men fann ut at dei gjorde det godt. I tillegg kom den tidlegare scenearbeidaren «Red Dog» attende.[103] Bandet gjekk i studio att med produsenten Tom Dowd i 1990 for Seven Turns, som vart rekna som eit comeback.[5][104] «Good Clean Fun» og «Seven Turns» vart begge hittar på Mainstream Rock Tracks-lista. Neel slutta i 1990 og bandet henta inn perkusjonisten Marc Quiñones, tidlegare frå Spyro Gyra, året etter.[105]

Bandet helt 87 konsertar i 1991 og 77 året etter.[106] Bandet fornya ikkje kontrakten med Goldberg som manager og turnémanageren Bert Holman tok over denne rolla i 1991 og vart verande der resten av karrieren deira.[102] Det neste studioalbumet deira, Shades of Two Worlds (1992), inneheld publikumsfavoritten «Nobody Knows».[107] Bandet gav òg ut konsertalbumet An Evening with the Allman Brothers Band: First Set, som vart spelt inn i 1992 på Beacon Theatre i New York.[108] Bandet byrja å krange att under ein turné i 1993, der Betts vart arrestert for å ha dytta til to politimenn.[106] Dei sleit med å finne ein erstattar på gitar og henta inn David Grissom (som då turnerte med John Mellencamp), og Jack Pearson, ein ven av Haynes (den første erstattaren, Zakk Wylde, var med på ein konsert, men passa ikkje inn i bandet).[109] Haynes var både oppvarming med sitt eige band før han spelte med The Allman Brothers, og vurderte å forlate gruppa på grunn av den aukande mangelen på kommunikasjon.[110]

Trass i aukande spaning vart Haynes verande medlem og Betts kom attende.[111] Det tredje albumet deira frå denne tida, Where It All Begins (1994), vart spelt inn live.[111] Gruppa vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i januar 1995. Allman var særs full og kom seg ikkje gjennom takketalen.[112] Allman såg seinare seremonien på fjernsyn og vart så flau at han gjorde eit siste forsøk på å slutte med alkohol og dopmisbruk. Under ei rekkje konsertar på The Beacon i 1996 vart kranglinga mellom Allman og Betts verre, og det førte til at ein konsert vart avlyst og bandet nok ein gong oppløyst.[113] Haynes og Woody slutta for å fokusere på Gov't Mule, då dei meinte at The Allman Brothers Band var i ferd med å leggast ned.[114][115]

Seinare år (1997–2014) endre

Gruppa henta inn Oteil Burbridge frå Aquarium Rescue Unit for å erstatte Woody på bass, og Jack Pearson på gitar.[116] Det vart etter kvart uro over kor høgt Allman Brothers spelte på konsertane, som i stor grad var sentrert kring Betts.[115] Pearson, sleit med tinnitus og forlèt derfor bandet i 1999.[117] Trucks ringde til nevøen sin, Derek Trucks, og han kom inn i bandet i høve 30-årsjubileet deira.[118] Trucks var ung, 20 år gammal, og yngre enn dei originale medlemmane var då bandet først vart skipa. [118] Beacon-konsertane i 2000 vart gjevne ut på Peakin' at the Beacon, som tyder noko slikt som «på topp på the Beaon», noko som var ironisk sidan det vert rekna blant dei dårlegaste konsertane til bandet. Etter åtte konsertar på våren det året vart det enno meir spaning i gruppa.[119] «Det hadde slutta å vere eit band - alt dreidde seg om kva Dickey spelte», sa Allman.[120] Sinne kokte over i gruppa mot Betts, og alle dei originale medlemmane sende han eit brev om at dei tenkte å turnere utan han til sommaren.[121]

 
Derek Trucks kom inn i 1999 og vart det yngste medlemmet.

Alle involverte hevda at pausen var mellombels, men Betts svarte med å hyre ein advokat og saksøkte gruppa, noko som førte til at Betts vart permanent ute av gruppa.[120] Betts mottok seinare pengar i eit forlik. Han fortsette å spele inn musikk med eit nytt band.[89] Jimmy Herring kom inn i badet for sommaren, der bandet kjempa mot negativ presse. Fansen meinte at ein konsert med Allman Brothers Band utan Betts var meiningslaust.[5][122] Herring slutta kort tid etter turneen, sidan han kjende seg skuldig for å ha erstatta Betts.[123] I august det året vart den tidlegare bassisten Allen Woody funnen daud på eit hotellrom i New York.[124] Warren Haynes sette opp ein støttekonsert for den tidlegare bandkompisen, med mellom andre Allman Brothers Band. Sidan Derek Trucks var oppteken, spelte han med bandet for denne konserten.[125] I 2001 var Haynes attende i bandet for Beacon-konsertane deira.

Denne inkarnasjonen av Allman Brothers Band vart godt motteken og var stabil og produktiv.[5][78] Bandet gav ut den siste innspelinga si, Hittin' the Note (2003), til god kritikk.[78] Albumet var det første med Derek Trucks og det einaste Allman Brothers-albumet utan Betts.[126] Bandet fortsette å turnere gjennom 2000-åra. Tiåret vart avrunda med fleire konsertar på Beacon Theatre, der dei feira 40-årsjubileet til bandet.[127] Dei hadde med seg fleire gjesteartistar, som Eric Clapton. Allman måtte ha ein levertransplantasjon i 2010 og sleit med helsa dei neste to åra.[128][129] Han måtte på rehabilitering i 2012 for avhengigheit han pådrog seg i samband med den medisinske behandlinga.[130]

David «Frankie» Toler døydde på ein hospits i Bradenton i Florida den 4. juni 2011 etter lang tids sjukdom etter ein levertransplantasjon. Han vart 59 år.[131][132][133]

I 2012 starta The Allman Brothers sin eigen musikkfestival, The Peach. Dei spelte ei rekkje konsertar på The Beacon i 2013 og fortsette å turnere etter dei var ferdige der.[130] I 2014 annonserte Haynes og Derek Trucks at dei meinte å slutte i gruppa mot slutten av året.[134] Gruppa planla at dei konsertane deira på Beacon i 2014 skulle bli deira siste, men konsertrekkja vart avkorta då Allman fekk bronkitt.[135]

The Allman Brothers Band heldt den siste konserten sin 28. oktober 2014 på Beacon Theatre.[136] Konserten var den 238. utselde konserten deira på rad på Beacon.[137] Konserten bestod av tre sett, hovudsakleg med musikk frå dei første fem platene deira,[138] utan gjesteartistar. Allman avslutta konserten med å fortelje om då bandet øvde i lag for første gongen 45 år tidlegare, og at dei no skulle spele den første songen dei nokon gong øvde på,[135] «Trouble No More» av Muddy Waters.

I mai 2017 døydde Gregg Allmann av komplikasjonar i samband med leverkreft, 69 år gammal.

Musikkstil endre

The Allman Brothers Band har generelt blitt rekna som ein av pionerane innan southern rock, sjølv om bandet sjølv ikkje brukte dette omgrepet.[139] Gruppa nytta element frå blues, jazz og country i musikken sin.

Diskografi endre

Medlemmar endre

  • Duane Allman – gitar, slidegitar (1969–1971; død 1971)
  • Gregg Allman – orgel, piano, gitar, vokal (1969–1976, 1978–1982, 1986, 1989–2014; død 2017)
  • Dickey Betts – gitar, slidegitar, vokal (1969–1976, 1978–1982, 1986, 1989–2000)
  • Jai Johanny «Jaimoe» Johanson – trommer, perkusjon (1969–1976, 1978–1980, 1986, 1989–2014)
  • Berry Oakley – bass, vokal (1969–1972; død 1972)
  • Butch Trucks – trommer, paukar (1969–1976, 1978–1982, 1986, 1989–2014; død 2017)
  • Chuck Leavell – piano, synthesizer, korvokal (1972–1976, 1986)
  • Lamar Williams – bass, vokal (1972–1976; død 1983)
  • David Goldflies – bass (1978–1982)

  • Dan Toler – gitar (1978–1982, 1986; død 2013)
  • Mike Lawler – klaverinstrument (1980–1982)
  • David «Frankie» Toler – trommer (1980–1982; død 2011)
  • Warren Haynes – gitar, slidegitar, vokal (1989–1997, 2000–2014)
  • Johnny Neel – klaverinstrument, munnspel (1989–1990)
  • Allen Woody – bass, korvokal (1989–1997; død 2000)
  • Marc Quiñones – trommer, perkusjon, korvokal (1991–2014)
  • Oteil Burbridge – bass, vokal (1997–2014)
  • Jack Pearson – gitar, vokal (1997–1999)
  • Derek Trucks – gitar, slidegitar (1999–2014)
  • Jimmy Herring – gitar (2000)

Tidslinje endre

Kjelder endre

  1. «The Allman Brothers Band – Biography – AllMusic». AllMusic. Henta 19. september 2014. 
  2. «Gold & Platinum - RIAA». Recording Industry Association of America. Henta 8. september 2018. 
  3. «The Immortals». Rolling Stone Issue 946. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 17. mai 2009. Henta 8. september 2018. 
  4. Poe 2008, s. 10.
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 Eder, Bruce. «The Allman Brothers Band – All Music Guide». AllMusic. Henta May 13, 2014. 
  6. Poe 2008, s. 18.
  7. Poe 2008, s. 46.
  8. Poe 2008, s. 90.
  9. Allman & Light 2012, s. 99.
  10. Paul 2014, s. 6.
  11. Poe 2008, s. 88.
  12. 12,0 12,1 Paul 2014, s. 15.
  13. Paul 2014, s. 9.
  14. Poe 2008, s. 110.
  15. Paul 2014, s. 13.
  16. Paul 2014, s. 27.
  17. 17,0 17,1 Paul 2014, s. 17.
  18. Paul 2014, s. 24.
  19. Paul 2014, s. 25.
  20. Paul 2014, s. 28.
  21. 21,0 21,1 Paul 2014, s. 29.
  22. Poe 2008, s. 109.
  23. Paul 2014, s. 32.
  24. Allman & Light 2012, s. 118.
  25. 25,0 25,1 Paul 2014, s. 30.
  26. 26,0 26,1 Paul 2014, s. 46.
  27. Paul 2014, s. 41.
  28. Paul 2014, s. 42.
  29. Allman 2014, s. 200.
  30. 30,0 30,1 30,2 Paul 2014, s. 51.
  31. Paul 2014, s. 52.
  32. Freeman 1996, s. 59.
  33. Paul 2014, s. 64.
  34. 34,0 34,1 Paul 2014, s. 65.
  35. Paul 2014, s. 66.
  36. 36,0 36,1 36,2 36,3 Paul 2014, s. 92.
  37. Paul 2014, s. 71.
  38. Poe 2008, s. 144.
  39. Paul 2014, s. 99.
  40. 40,0 40,1 Paul 2014, s. 94.
  41. Paul 2014, s. 101.
  42. Paul 2014, s. 103.
  43. Paul 2014, s. 139.
  44. Paul 2014, s. 108.
  45. Paul 2014, s. 82.
  46. Paul 2014, s. 83.
  47. Paul 2014, s. 84.
  48. Paul 2014, s. 88.
  49. Paul 2014, s. 115.
  50. 50,0 50,1 Paul 2014, s. 117.
  51. Paul 2014, s. 124.
  52. 52,0 52,1 Poe 2008, s. 187.
  53. Cannady, Sheryl (5. april 2005). «Librarian of Congress Names 50 Recordings to the 2004 National Recording Registry». Library of Congress. 
  54. Paul 2014, s. 147.
  55. 55,0 55,1 Paul 2014, s. 156.
  56. Poe 2008, s. 210.
  57. Paul 2014, s. 160.
  58. Paul 2014, s. 162.
  59. Paul 2014, s. 165.
  60. Paul 2014, s. 167.
  61. 61,0 61,1 Allman & Light 2012, s. 204.
  62. Allman & Light 2012, s. 210.
  63. Paul 2014, s. 173.
  64. Paul 2014, s. 175.
  65. Paul 2014, s. 185.
  66. Paul 2014, s. 187.
  67. Paul 2014, s. 186.
  68. Paul 2014, s. 189.
  69. Paul 2014, s. 190.
  70. Paul 2014, s. 194.
  71. Paul 2014, s. 199.
  72. Paul 2014, s. 179.
  73. Paul 2014, s. 182.
  74. Paul 2014, s. 225.
  75. Paul 2014, s. 211.
  76. Paul 2014, s. 215.
  77. Paul 2014, s. 230.
  78. 78,0 78,1 78,2 78,3 78,4 Serpick, Evan (2001). The Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll. New York: Simon & Schuster, 1136 pp. First edition, 2001.
  79. Paul 2014, s. 234.
  80. Paul 2014, s. 236.
  81. 81,0 81,1 Allman & Light 2012, s. 262.
  82. Allman & Light 2012, s. 268.
  83. 83,0 83,1 83,2 Paul 2014, s. 237.
  84. 84,0 84,1 84,2 Paul 2014, s. 245.
  85. Paul 2014, s. 241.
  86. Paul 2014, s. 246.
  87. 87,0 87,1 Paul 2014, s. 247.
  88. Allman & Light 2012, s. 292.
  89. 89,0 89,1 89,2 89,3 Paul 2014, s. 249.
  90. 90,0 90,1 Paul 2014, s. 254.
  91. Paul 2014, s. 253.
  92. Paul 2014, s. 251.
  93. 93,0 93,1 Paul 2014, s. 256.
  94. Allman & Light 2012, s. 297.
  95. Paul 2014, s. 260.
  96. Paul 2014, s. 262.
  97. Paul 2014, s. 263.
  98. Paul 2014, s. 265.
  99. Paul 2014, s. 266.
  100. 100,0 100,1 Paul 2014, s. 269.
  101. Allman & Light 2012, s. 313.
  102. 102,0 102,1 Allman & Light 2012, s. 317.
  103. Paul 2014, s. 270.
  104. Paul 2014, s. 277.
  105. Paul 2014, s. 290.
  106. 106,0 106,1 Paul 2014, s. 294.
  107. Paul 2014, s. 293.
  108. Paul 2014, s. 288.
  109. Paul 2014, s. 299.
  110. Paul 2014, s. 303.
  111. 111,0 111,1 Paul 2014, s. 304.
  112. Paul 2014, s. 318.
  113. Paul 2014, s. 312.
  114. Allman & Light 2012, s. 336.
  115. 115,0 115,1 Paul 2014, s. 323.
  116. Paul 2014, s. 326.
  117. Paul 2014, s. 331.
  118. 118,0 118,1 Paul 2014, s. 333.
  119. Paul 2014, s. 341.
  120. 120,0 120,1 Paul 2014, s. 344.
  121. Paul 2014, s. 342.
  122. Paul 2014, s. 351.
  123. Paul 2014, s. 355.
  124. Paul 2014, s. 359.
  125. Paul 2014, s. 358.
  126. Paul 2014, s. 371.
  127. Paul 2014, s. 379.
  128. Paul 2014, s. 389.
  129. Paul 2014, s. 390.
  130. 130,0 130,1 Paul 2014, s. 392.
  131. Gillin, Joshua (8. juni 2011). «Allman Brothers Band drummer David «Frankie» Toler dies in Bradenton at 59». Tampa Bay Times. Arkivert frå originalen 18. mars 2017. Henta 17. mars 2017. 
  132. «Frankie Toler». Pure Southern Rock. Henta 17. mars 2017. 
  133. Tatangelo, Wade (6. juni 2011). «Former Allman Brothers drummer Frankie Toler dies». The Bradenton Herald. Henta 6. juli 2018. 
  134. Doyle, Patrick (8. januar 2014). «Warren Haynes and Derek Trucks Leaving Allman Brothers Band» Arkivert 2017-06-25 ved Wayback Machine., Rolling Stone. Henta 8. mars 2014.
  135. 135,0 135,1 Ratliff, Ben (29. oktober 2014). «No Guests, Just Hits, and a Goodbye». The New York Times. Henta 8. september 2018. 
  136. «The Allman Brothers Band bids farewell to stage». CBS News. 28. oktober 2014. Henta 29. oktober 2014. 
  137. Paul, Alan. «The Allman Brothers Band Bids a Final Farewell.» Billboard. 8 Nov. 2014: 63.
  138. Fricke, David. «The Allman Brothers Band Take a Final Bow at Epic Beacon Theatre Show». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 13. september 2017. Henta October 29, 2014. 
  139. Paul 2014, s. 232.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: The Allman Brothers Band
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: The Allman Brothers Band