Jimmy Deuchar
James Deuchar (26. juni 1930–9. september 1993)[1] var ein skotsk jazztrompettist og storbandarrangør som var fødd i Dundee i Skotland.[1] Han blei kjent som artist og arrangør på 1950- og 1960-talet. Deuchar fekk trompetundervising av John Lynch, som hadde lært å spela trompet som soldat i den fyrste verdskrigen, og som seinare var Director of Brass Music for Dundee.
Jimmy Deuchar | |||
Fødd | 26. juni 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dundee | ||
Død | 9. september 1993 (63 år) | ||
Dødsstad | Dundee | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | trompet, Flygelhorn | ||
Verka som | trompetist, jazzmusikar, orkesterleiar, komponist |
Karriere
endreEtter å ha gjort teneste i National Service i Padgate i Warrington i England, arbeidde Deuchar med den britiske moderne jazzgruppa Johnny Dankworth Seven.[1] På 1950-talet spelte han med ei rekkje kommersielle band, som Oscar Rabin Band, og også ein del med Ronnie Scott.[1] På slutten av 1950-talet var han med i Kurt Edelhagens orkester i Tyskland.[1]
Han vende tilbake til Storbritannia og arbeidde med Scott igjen (1960-62) og så med Tubby Hayes (1962-66).[1] Som ein svært gåverik musikar og ein av dei fremste eksponentar for den «moderne» stilen var han etterspurd, og oppnådde suksess som turnerande musikar i Europa og USA. Han spelte òg med dei fremste amerikanske spelarane på Ronnie Scott's Jazz Club då musikalske utvekslingar blei liberaliserte på byrjinga av 1960-talet.
Deuchar vendte tilbake til Edelhagen i 1966. På 1960-talet og tidleg på 1970-talet arbeidde han òg med The Kenny Clarke-Francy Boland Big Band, med leiande europeiske og amerikanske musikarar.[1] Kring 1971 drog han tilbake til London att, der han arbeidde freelance, og kom så heim att til Dundee på midten av 1970-talet. Han heldt fram med å arrangera, spela og gjeste i ei rekkje settingar, inkludert BBC Big Band i London og BBC Scottish Radio Orchestra i Glasgow, til helsa hans forverra seg.[1]
Han døydde i 1993, 63 år gammal.[2]
Diskografi
endreSom leiar
endre- Jimmy Deuchar (Discovery, 1953)[1]
- Pal Jimmy! (Tempo 1957, re released on Jasmine, 2002)
- Pub Crawling with Jimmy Deuchar (Contemporary, 1957)[1]
- Music in the Making (Jasmine, 2001)
- Opus de Funk (Jasmine, 2001)
- The Anglo/American/Scottish Connection (Hep, 2004)[3]
Som gjest
endreMed Victor Feldman
- Suite Sixteen (Contemporary, 1955 [1958])
Med Tubby Hayes
- 1955 Swinging Giant, Vol. 1
- 1962 Late Spot at Scott's
- 1963 A Tribute: Tubbs
- 1966 Night and Day
- 2005 England's Late Jazz Great
- 2005 Live in London, Vol. 2
- 2007 The Little Giant
- 2011 Dancing in the Dark
Med Kenny Clarke/Francy Boland Big Band
- Jazz Is Universal (Atlantic, 1962)
- Handle with Care (Atlantic, 1963)
- Now Hear Our Meanin' (Columbia, 1963 [1965])
- Swing, Waltz, Swing (Philips, 1966)
- Sax No End (SABA, 1967)
- Out of the Folk Bag (Columbia, 1967)
- 17 Men and Their Music (Campi, 1967)
- All Smiles (MPS, 1968)
- Faces (MPS, 1969)
- Latin Kaleidoscope (MPS, 1969)
- Fellini 712 (MPS, 1969)
- Let's Face the Music and Dance (1969)
- Big Band Sound of Kenny Clarke & Francy Boland (1973)
Med andre
- 1961 Live at Ronnie Scott's, Zoot Sims
- 1965 Now Hear Our Meanin' , Kenny Clarke
- 1966 Sound Venture, Georgie Fame/Harry South Big Band
- 1967 Fire, Heat, Soul and Guts, Kenny Clarke
- 1968 Trip to the Mars, Orchester Roland Kovac
- 1969 Ray Warleigh's First Album, Ray Warleigh
- 1970 Midnight Mood, Mark Murphy
- 1986 Live at Fulham Town Hall, Charlie Watts
- 1989 Roarin' , Jack Sharpe
- 2004 Swing Revisited, Johnny Keating
- 2007 An Ace Face, Allen Eager[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 Colin Larkin, red. (1992). The Guinness Who's Who of Jazz (1. utg.). Guinness Publishing. s. 120. ISBN 0-85112-580-8.
- ↑ Strachan, Graeme. «Moonlight on the Dighty: Jimmy Deuchar was Dundee's jazz trumpet hero». Henta 26- juli 2021.
- ↑ «Jimmy Deuchar | Album Discography | AllMusic». Henta 27. januar 2017.
- ↑ «Jimmy Deuchar | Credits | AllMusic». Henta 27 January 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Jimmy Deuchar» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2023.
Litteratur
endre- John Chilton, Who's Who of British Jazz, Cassell, London, 1997, ISBN 9780304339099
- Carr, Fairweather & Priestley, Jazz - the Essential Companion, Grafton Books, London, 1987, ISBN 978-0135092743