Jingdezhen er eit byprefektur i den kinesiske provinsen Jiangxi nordaust i landet. Jingdezhen har eit areal på 5 263 km² og ca. 1,5 millionar innbyggarar (2007). Han er kjent som porselenshovudstaden i Kina ettersom han har produsert kinesisk keramikk i minst tusen år. Byen har ei veldokumentert historie som går over to tusen år tilbake.

Jingdezhen (景德镇市, Jǐngdézhèn
景德镇市, Jǐngdézhèn Shì
)
by
景德镇市昌江东岸.JPG
Land Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Provins Jiangxi
Folketal 1 554 000 (2007[1])
Jingdezhen på eit kart over Jiangxi og i Kina.
Jingdezhen på eit kart over Jiangxi og i Kina.
Wikimedia Commons: Jingdezhen

HistorieEndra

 
Gul porselenskrukke frå Qingdynastiet.

Jingdezhen er verdskjent for sitt fine porselen. Det har vorte laga sidan Handynastiet av kvit leire (kaolin) frå Poyangsjøen i vest. Staden nådde ei stordomstid på 1100-talet under det nordlege Songdynastiet, då han sette i gang porselenesproduksjon i stor skala under keisarleg vern,[2] og leverte porselen til keisarhoffet. Under Kanghsiperioden (1662–1722) hadde Jingdezhen ca. 1 mill. innbyggjarar, som alle var meir eller mindre knytte til porselensframstillinga, og rundt 3000 keramikkomnar.[2]

Staden hadde ei ny stordomstid under Qingdynastiet, då han levererte porselensvarer som gjekk til eksport over Guangzhou. Under Taipingopprøret midt på 1800-talet vart byen sterkt skada og gjekk inn i ei nedgangstid. Fabrikkane fekk først tilbake den store tydinga si etter 1949, då industrien vart modernisert.[2]

I nærområda til byen vert det utvunne kaolin, kol og mangan.

KjelderEndra

  1. «Household and Population by Region (end of 2007)». Jiangxi Statistical Yearbook. Henta 29. august 2009. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Jingdezhen». Store norske leksikon (på bokmål). 28. september 2014. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Jingdezhen