João Goulart

brasiliansk politikar og advokat

João Belchior Marques Goulart (1. mars 19186. desember 1976), kjend som Jango, var president i Brasil i perioden 7. september 196131. mars 1964. Han blei avsett gjennom eit statskupp. Goulart var den siste venstreorienterte presidenten i landet fram til valget av president Lula da Silva i 2002.

João Goulart
Jango.jpg
Fødd1. mars 1918
São Borja
Død6. desember 1976 (58 år)
Statsborgar avBrasil
PartiPTB
Yrkeadvokat, politikar
Utdanna vedUniversidade Federal do Rio Grande do Sul
EktefelleMaria Teresa Fontela Goulart
BarnJoão Vicente Goulart
VervPresident i Brasil 1961–1964
FøregangarJânio Quadros
EtterfylgjarPascoal Ranieri Mazzilli

Goulart var fødd i São Borja i delstaten Rio Grande do Sul, sør i Brasil. Han blei vald til visepresident i 1956 og i 1960. Då president Jânio Quadros trekte seg i 1961, overtok Goulart presidentvervet. Han blei avsatt i 1964 då det blei gjennomført eit militærkupp i landet. Han drog deretter i eksil. João Goulart døydde i byen Mercedes i Argentina i 1976.

KjelderEndra