Jo Inge Bjørnebye

norsk skihoppar

Jo Inge Bjørnebye (31. oktober 194624. mars 2013) var ein norsk skihoppar. Han kom frå Våler og representerte Våler Idrettsforening.

Jo Inge Bjørnebye
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. oktober 1946
Våler kommune
Død

24. mars 2013 (66 år)

Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968

Bjørnebye var mellom dei beste norske hopparane i tida 1966-73, og deltok i OL i 1968 og 1972. I begge leikane hamna han langt nede på resultatlistene. Derimot hevda han seg godt under verdsmeisterskapen på ski i 1970. Etter å ha vorte nummer 11 i normalbakken, kom han på sjuandeplass i storbakkerennet og vart beste nordmann i tevlinga. I den tysk-austerrikske hoppveka var hans beste plassering ein fjerdeplass i Garmisch-Partenkirchen 1. januar 1971, landsmannen Ingolf Mork vann rennet. Samanlagt i hoppveka 1970/71 vart Bjørnebye nummer 6.

Han var far til Stig Inge Bjørnebye.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

Besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelde endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar