Joachim Barrande
Joachim Barrande (11. august 1799–5. oktober 1883) var ein fransk geolog og paleontolog som arbeidde i Böhmen.

Liv og virke endre
Joachim Barrande gjennomgjekk École polytechnique i Paris og vart så lærer for greven av Chambord (Henrik V). Etter julirevolusjonen (1830) følgde han den kongelege familien i eksil.
Han busette seg deretter i Böhmen. Til å byrja med arbeidde han der som ingeniør og leia bygginga av den første jarnbanen i Böhmen, men vigde seg snart utelukkande til geologisk og paleontologisk forsking, hovudsakleg av silurdanningar i Böhmen. Etter å ha offentleggjort fleire mindre arbeide over brachiopodar og graptolittar i Böhmen med meir, byrja han utgjevinga av hovudarbeidet sitt, Système silurien du centre de la Bohême (1852-87). Verket, som vart halde fram etter han var død av Böhmisches Landesmuseum i Praha, omfattar åtte bind, delvis dobbeltbind, i alt 26 bind i stor kvart. Av særskilt stor verdi er den delen som handsamar trilobittar.
Teorien til Barrandes om dei såkalla koloniane, oversiluriske fossil i undersiluriske lag vakte særleg stor merksemd. Han framkalla ein heftig motstand og gav årsak til ei mengd stridsskrift, sjølv om det etter kvart vart klårt at «koloniane» berre er i oversiluriske sjikt, som ved forkastningar er vorte nedsøkkte i undersiluriske.
Av vekt for den svenske geologien var Barrande sitt Parallèle entra les dépots siluriens de Bohême et de Scandinavie; der finn ein mange ikkje på anna vis offentleggjorde opplysningar, med grunnlag i munnlege og skriftlege meldingar frå den svenske paleontologen Nils Peter Angelin.
Livet til Joachim Barrande i Böhmen gjekk roleg og stille; han hadde sjølv ytterst små personlege behov og ofra formuen sin til vitskapen. Dei rike paleontologiske samlingane hans, samla av ein fast stab medarbeidarar og samlarar, vart overlevert i pakt med testamentarisk avgjerd til Böhmisches Landesmuseum.
Han vart tildelt Wollastonmedaljen i 1857 og vart innvald i 1870 som utanlandsk medlem av Kungliga Vetenskapsakademien i Sverige.
I august 1883 reiste Barrande til Frohsdorf for å ta seg av gravlegginga og arvegodset til venen Henri de Chambord . Der pådrog 84-åringen seg ein lungebetennelse, og døydde der den 5. oktober.
Han vart gravlagd 8. oktober i Lanzenkirchen.
Verk i utval endre
- Notice préliminaire sur le système Silurien et les Trilobites de Bohème. C. L. Hirschfeld, Leipzig 1846 (Archive)
- Nouveaux Trilobites Supplement a la notice préliminaire sur le système Silurien et les Trilobites de Bohème. Calve, Prag 1846 (Archive)
- Graptolytes de Bohème. Prag 1850
- Système silurien du Centre de la Bohème. Prag, Paris 1852–1881, 21 Bände
- Defense des Colonies. Teil I, Prag, Paris 1861
- Defense des Colonies. Teil II, Prag, Paris 1862
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Joachim Barrande» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juni 2020.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Barrande, Joachim i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1904)
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: