Joakim Harestad Haukaas

Joakim Harestad Haukaas (fødd 2. mars 1992 i Stavanger) er ein norsk låtskrivar og songar.

Joakim Harestad Haukaas
Fødd2. mars 1992 (32 år)
FødestadStavanger kommune
Instrumentvokal
Verka somsongar

Eurovision endre

Melodi Grand Prix Junior 2003 endre

Haukaas deltok i Melodi Grand Prix Junior 2003, den norske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest 2003 i København i Danmark. Han deltok saman med Charlot Daysh, i duoen 2U, der dei framførte «Sinnsykt gal forelsket» på stavangersk. Bidraget vann tevlinga.

Junior Eurovision Song Contest 2003 endre

Etter sigeren i Melodi Grand Prix Junior 2003 fekk 2U representere Noreg i Junior Eurovision Song Contest 2003. Bidraget enda på 13. plass med 18 poeng; fem frå Spania, fire frå Sverige, tre frå Latvia og Danmark, to frå Makedonia og eitt frå Kroatia.

Melodifestivalen 2013 endre

Haukaas deltok som låtskrivar i Melodifestivalen 2013, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, med songen «You». Han skreiv bidraget saman med Linnéa Deb og Joy Deb. Bidraget deltok i den fjerde semifinalen, enda på tredjeplass og gjekk vidare til andresjansen. I andresjansen fekk bidraget andreplass og var eitt av to bidrag som gjekk vidare til finalen. Bidraget fekk flest poeng av juryen og nest flest poeng av fjernsynssjarane. «You» vann dimed finalen og fekk representere Sverige. Det er det fyrste og førebels einaste bidraget i Melodifestivalen som har gått vidare frå andresjansen og vunne tevlinga.

Eurovision Song Contest 2013 endre

Sverige var vertsland å ha vunne Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan og var dimed direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, der landet enda på 14. plass med 62 poeng; tolv frå Noreg, åtte frå Danmark, seks frå Slovenia, fem frå Moldova og Irland, fire frå Finland, Island, Latvia og Bulgaria, tre frå Tyskland og Nederland og eitt frå Belgia, Estland, Kroatia og Serbia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 18. plass med ei rangering på 16,19 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på tredjeplass med ei rangering på 8,05. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1]

Melodi Grand Prix 2014 endre

Saman med Andre Lindal skreiv han songen «Hele verden» som deltok i den andre semifinalen i Melodi Grand Prix 2014, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Eurovision Team (28. mai 2013). «Split results of Eurovision 2013 revealed» (på engelsk). Henta 1. februar 2014.