Job Bødtker

norsk politikar

Job Dischington Bødtker (9. august 181812. november 1889) var ein norsk embetsmann og stortingsmann, fødd i Skogn i Nord-Trøndelag. Han representerte TønsbergStortinget i tida 1865-76.

Job Bødtker
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. august 1818
Død

12. november 1889 (71 år)

Yrke politikar, jurist
Språk norsk

Bødtker var son til oberst i kavaleriet. Sjølv vart han student frå Møllers institutt i Christiania i 1835, og cand.jur. 1840. Han arbeidde i Kyrkjedepartementet frå 1842 til 1853, fyrst som kopist, seinare fullmektig og til sist byråsjef. Etter åtte år som fut Namdalen, fekk han i 1861 byfutembetet i Tønsberg, ei stilling han hadde i fjorten år.

Ved stortinga 1865-66, 1868-69, 1871-73 og 1874-76 vart Bødtker kåra til å representere bykrinsen Tønsberg på Stortinget. Alle stortingsesjonane var han med i Næringskomite nr 2, frå 1871 til -76 som formann i komiteen. Elles var han i 1865-66 sekretær i Komiteen om hjelpekyrkje i Trondheim, 1872-73 medlem i Trykkekomiteen, 1874-75 i Valomiteen og 1875-76 i Røysterettskomiteen. Valbolken 1874-76 hadde han også plass i Lagtinget.

Bødtker var med i tre kongelege kommisjonar; om skulelova i 1871, om utskiping i 1878, og om embetsgardar 1882-88. Han var formann i utskipings-kommisjonen.

Frå 1875 var Bødtker sorenskrivar i Nedre Romerike.

Han var gift med Fredrikke Sophie Sejersted (1825–1892). Ei av døtrene hans, Frederikke Dorothea (1853–1919), gifta seg med seinare statsminister Francis Hagerup.[1]

Bødtker døydde i Fet i Akershus.

Kjelder endre

  1. Francis Hagerup biography - Government.no