Joe the Lion
Joe the Lion Song av David Bowie frå albumet “Heroes” | ||
Utgjeve | 14. oktober 1977 | |
Innspelt | Juli–august 1977 | |
Sjanger | Kunstrock, krautrock | |
Lengd | 3:05 | |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie, Tony Visconti |
«Joe the Lion» er ein song skriven av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. Han vart produsert av Bowie og Tony Visconti med sologitar av Robert Fripp.
Songen er dels ein hyllest til performancekunstnaren Chris Burden,[1] som var kjend for å krossfeste seg sjølv til ein Volkswagen i 1974 («Nail me to my car and I'll tell you who you are») og for å ha ein assistent skyte seg i armen i eit kunstgalleri i 1971 («Guess you'll buy a gun / You'll buy it secondhand»). «Joe the Lion» vert òg rekna for å gjenspegle kampen til Bowie for å overvinne den kjenslemessige nummenheita som såg ut til å gjennomsyre det førre albumet hans Low («You get up and sleep»).[2]
Bowie øvde inn songen for Isolar II-turneen i 1978,[3] men songen vart ikkje framført på ein Bowie-konsert før i 1983 under Serious Moonlight-turneen og i 1995 på Outside-turneen. Han vart òg vurdert for, men ikkje framført på Glass Spider-turneen turneen.
«Joe the Lion» er av kritikaren Chris O'Leary blitt skildra som «fenomenal» og «ein av dei beste Bowie-songane frå seint i 70-åra».[4]
Andre utgjevingar
endre- Songen kom ut som B-side til den amerikanske versjonen av «John, I’m Only Dancing (Again)» i desember 1979.
- Han er komen ut på samlealbumet:
- Golden Years (1983)
- plateboksen Sound + Vision (1989)
- Ein remiska versjon der dei forvrengde gitarane og trommene på originalen vart byta ut med lydar som reflekterte produksjonsverdiane frå slutten av 1980-åra. Denne kom ut på Rykodisc-versjonen av “Heroes” i 1991.
- Eit ikkje tidlegare utgjeven opptak frå ei øving under ein lydsjekk for Isolar II-turneen kom ut i februar 2020 som ei biletplate i lag med eit konsertopptak av «Alabama Song».[3]
- Momus framførte ein versjon av «Joe the Lion» i 2015 på albumet Turpsycore.
Konsertopptak
endre- Eit konsertopptak frå 1995 under Outside-turneen kom ut på konsertalbumet Ouvre le Chien (Live Dallas 95) (2020).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Joe the Lion» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: p.320
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.92
- ↑ 3,0 3,1 «Alabama Song 40th anniversary picture disc». David Bowie (på engelsk). Henta 7. mai 2020.
- ↑ Chris O'Leary (2019). Ashes to Ashes: The Songs of David Bowie, 1976-2016: p.85