Serious Moonlight-turneen

Serious Moonlight-turneen
Turné av David Bowie
Stad Europa
Nord-Amerika
Japan
Australia
New Zealand
Søraust-Asia
Tilknytt(e) album Let's Dance
Startdato 18. mai 1983
Sluttdato 8. desember 1983
Talet på konsertar 96
Konsertkronologi
Isolar II-turneen 1978
(1978)
Serious Moonlight-turneen Glass Spider-turneen
(1987)

Serious Moonlight-turneen var ein verdsturné av den engelske musikaren David Bowie, starta i mai 1983 for å marknadsføre albumet Let's Dance (1983). Turneen opna i Vorst Forest Nationaal i Brussel, den 18. mai 1983 og enda i Hong Kong Coliseum den 8. desember 1983. Turneen vitja 15 land og bestod av i alt 96 konsertar,[1] og over 2,6 millionar selde billettar.[2] Turneen fekk mykje rosande omtale frå musikkpressa.[3] Det var på den tida den lengste, største og mest suksessrike turneen til Bowie, men har sidan blitt overgått både i lengd, publikum og inntekt av seinare Bowie-turnear.

Utvikling endre

Turneen kom i gang for å marknadsføre det siste albumet til Bowie, Let's Dance, og skulle i utgangspunktet vere ein mindre turné, som skulle gå i hallar som kunne ta mindre enn 10 000 i publikum verda rundt, slik den førre turneen til Bowie hadde vore. Men suksessen til Let's Dance gjorde at det vart uventa stor etterspurnad etter billettar. For ein konsert der det vart selt 44 000 billettar, var det 250 000 som ønskte å kjøpe billett, så turneen vart endra til langt større, utandørs spelestader. Den største enkeltkonerten var i Auckland i New Zealand, der 80 000 var i publikum, medan den største publikumsmengda på ein av festivalkonsertane var 300 000 på US 83 Festival i California. Alle konsertane var utselde.[1]

Bowie brukte boksing (som han var fan av) for å kome i form til turneen. Sonen hans Duncan Jones peikte seinare på at «kvar runde i boksing er kring same lengda som ein song, så om du får god nok kondis til å gjere 12 rundar eller der omkring, så er du klar!»[4]

Kulissar endre

Bowie sjølv hadde ei hand med i utforminga av kulissane for turneen, som inkluderte store søyler (omtalt som «kondomane») i tillegg til ein stor måne og ei enorm hand.[5] Scenen vart med vilje gjeven ei vertikal kjensle (særskild på grunn av søylene) og eit samla design som Bowie kalla kombinasjonen av klassisisme og modernisme. Vekta av eit sett (som det var to av) var 32 tonn.[1] Lyssrigginga bestod mellom anna av Vari*Lite VL1 og Lee Lawley var ansvarleg som lysteknikar.

Turnémusikar endre

 
Earl Slick i november 1983 under Serious Moonlight-turneen.

Bowie nytta musiakrar han hadde samarbeidd med på Let's Dance, i lag med nokre andre mangeårige samarbeidspartnarar, som Carlos Alomar, som vart bandleiar på turneen.[1][5] Stevie Ray Vaughan, som hadde spelt sologitar på seks av songane på Let's Dance og som var ein ung og lovande musikar, skulle i utgangspunktet vere med på turneen.[6] Vaughan møtte opp for øvingane i Dallas i april (det finst opptak av desse øvingane),[7][8] men Vaughan møtte opp med kokain og ei hardt festande kone, og eit følgje som såg etter lett tilgang til dop.[9] Sidan Bowie sjølv hadde flytta til Berlin seint i 1970-åra for å prøve og kvitte seg med sitt eige kokainmisbruk,[10][11] klarte ikkje managementet til Bowie og Vaughan å kome til ei semje om korleis dei skulle løyse situasjonen, og til slutt fekk Vaughan sparken frå turneen.[6] Vaughan vart erstatta av den mangeårige Bowie-gitaristen Earl Slick.[12]

Songutval endre

På grunn av den høge etterspurnaden for bilettar til turneen, valde Bowie å spele dei meir kjende songane frå repertoaret sitt, og sa eit par år seinare at han hadde som mål å gje fansen songane dei hadde høyrt på radio i løpet av dei siste 15 åra, og kalla setlista ei samling som fansen «truleg ikkje hadde forstått utgjorde så mange flotte songar».[13] Bowie og Carlos Alomar valde ut songane for turneen og dei øvde inn 35 av dei for turneen.[1] Ein song som vart øvd inn, men som aldri vart framført på turneen var «Across the Universe», som Bowie hadde spelt i 1975 på Young Americans.[3] Setlista for turneen var grunnlaget for sporlista i plateboksen Sound + Vision i 1989.[14]

Turnéøvingar endre

I starten øvde bandet i eit studio på Manhattan[1] før dei flytta til Dallas for generalprøvar.[3]

Kvart bandmedlem hadde eit kostyme designa «ned til minste detalj», som om dei hadde ei rolle i eit skodespel.[15] To sett av kvart kostyme vart laga og gått med anna kvar kveld, og alle fekk halde eit sett då turneen var over som ein suvenir.[3] Kostyma til bandet var ein peikefinger, ein «lett parodi», på alle New Romantic-gruppene som var populære på denne tida.[1]

Turneen endre

 
David Bowie på scenen under turneen i 1983.

For å motverke forfalskingar, vart billettar og garderobepass trykte med små feil som vanlege folk kanskje ikkje ville merke, medan dei tilsette på turneen raskt klarte å sjå.[1]

Den 30. juni 1983 var konserten i Hammersmith Odeon i London ein veldedig konsert for Brixton Neighbourhood Community Association i med prinsesse Michael av Kent i salen. Konserten 13. juli 1983 i Montreal Forum vart teken og og sendt på amerikansk FM-radio og andre radiostasjonar verdar over. Konserten 12. september i Vancouver vart filma for konsertvideoen Serious Moonlight, som kom ut i 1984 på video og i 2006 på DVD.

På konserten på Canadian National Exhibition Stadium den 4. september 1983 i Toronto, introduserte Bowie gjesteartisten Mick Ronson, som lånte gitaren til Earl Slick og spelte «The Jean Genie» med Bowie og band. Ronson hadde blitt spurt om å spele berre dagen for og han sa seinare: Eg spelte på gitaren til Slick. Eg hadde høyrd Slick spelte soloar heile kvelden så eg eg valde å ikkje spele soloar og berre gjekk ut slo laus på gitaren. Eg slo verkeleg laus på gitaren og svinga gitaren over hovudet mitt og den slags. Det var morosamt fordi David sa etterpå, 'Du skulle sett trynet hans...' og meinte han såg vettskremt ut. Eg hadde den dyraste gitaren hans svingande over hovudet mitt og Slick gjekk 'Waaaa... pass på gitaren min', veit du. Eg slo laus og han gjekk rundt hovudet mitt. Stakkars Slick. Eg visste ikkje at det var spesialgitaren hans. Eg trudde det berre var ein gitar, eit stykke tre med seks strenger.[3]}}

Den siste konserten på turneen, 8. desember 1983, var på treårsdagen for drapet på John Lennon, som Bowie og Slick tidlegare hadde arbeidd med i studio. Slick føreslo for Bowie nokre dagar før konserten at dei skulle spele «Across the Universe» som ein hyllest, men Bowie sa: «Vel, om me skal gjere det, kan me like gjerne spele 'Imagine'.» Dei øvde på songen nokre gonger den 5. desember (i Bangkok) og framførte songen den siste kvelden av turneen som ein hyllest til venen deira.[3]

Ettermæle endre

Turneen vart ein stor kommersiell suksess for Bowie, som ikkje forstod seg på den nye populariteten sin. Bowie sa seinare at suksessen til Let's Dance og Serious Moonlight-turneen gjorde at han ikkje lenger visste kven fansen hans var eller kva dei ønskte.[16] Ein kritikar kalla seinare denne turneen hans «mest lyttarvenlege» fordi «han hadde færre kulissar og eitt kostymebyte, frå ein ferskenfarga dress til blå.»[17]

Bowie prøvde seinare å unngå og repetere oppsettet for Serious Moonlight-turneen på Glass Spider-turneen i 1987.[18]

Konserten den 26. november i Auckland vart - på den tida - den mest sette konserten på den sørlege halvkula med over 80 000 menneske i publikum.[19]

Setliste endre

Dette er setlista frå konserten i Vancouver i Canada, den 12. september 1983. Lista er ikkje meint å representere alle konsertane på turneen.


Medverkande endre

Konsertar endre

Dato By Land Spelestad Publikumstal (ca.)
EuropA
18. mai 1983 Brussel Belgia Vorst Forest Nationaal
19. mai 1983
20. mai 1983 Frankfurt Vest-Tyskland Festhalle
21. mai 1983 München Olympiahalle
22. mai 1983
24. mai 1983 Lyon Frankrike Palais des Sports de Gerland
25. mai 1983
26. mai 1983 Fréjus Les Arènes
27. mai 1983
29. mai 1983 Nantes (avlyst) Le Beaujoire
Nord-Amerika
30. mai 1983 San Bernardino USA US Festival
Glen Helen Regional Park
300 000[1]
Europe
2. juni 1983 London England Wembley Arena
3. juni 1983
4. juni 1983
5. juni 1983 Birmingham National Exhibition Centre
6. juni 1983
8. juni 1983 Paris Frankrike Hippodrome D'Auteuil 120 000[1]
9. juni 1983
11. juni 1983 Göteborg Sverige Ullevi stadion 58 000–60 000[1]
12. juni 1983
15. juni 1983 Bochum Vest-Tyskland Ruhrstadion
17. juni 1983 Bad Segeberg Freilichtbühne
18. juni 1983
20. juni 1983 Vest-Berlin Waldbühne
24. juni 1983 Offenbach am Main Bieberer Berg Stadion
25. juni 1983 Rotterdam Nederland Stadion Feijenoord
26. juni 1983
28. juni 1983 Edinburgh Skottland Murrayfield Stadium 47 444[1]
30. juni 1983 London England Hammersmith Odeon 2 120[1]
1. juli 1983 Milton Keynes National Bowl 174 984 (over tre konsertar)[1]
2. juli 1983
3. juli 1983
Nord-Amerika
11. juli 1983 Quebec City Canada Colisée de Québec 14 400[1]
12. juli 1983 Montreal Montreal Forum
13. juli 1983
15. juli 1983 Hartford USA Hartford Civic Center
16. juli 1983
18. juli 1983 Philadelphia The Spectrum
19. juli 1983
20. juli 1983
21. juli 1983
23. juli 1983 Syracuse (flytta)Carrier Dome
25. juli 1983 New York City Madison Square Garden
26. juli 1983
27. juli 1983
29. juli 1983 Richfield Richfield Coliseum
30. juli 1983 Detroit Joe Louis Arena
31. juli 1983
1. august 1983 Rosemont Rosemont Horizon
2. august 1983
3. august 1983
7. august 1983 Edmonton Canada Commonwealth Stadium
9. august 1983 Vancouver BC Place
11. august 1983 Tacoma USA Tacoma Dome
14. august 1983 Los Angeles The Forum
15. august 1983
17. august 1983 Phoenix Arizona Veterans Memorial Coliseum
19. august 1983 Dallas Reunion Arena
20. august 1983 Austin Frank Erwin Center
21. august 1983 Houston The Summit
24. august 1983 Norfolk Scope Cultural and Convention Center 21 370[1]
25. august 1983
27. august 1983 Landover Capital Centre 29 371[1]
28. august 1983
29. august 1983 Hershey Hersheypark Stadium 25 230[1]
31. august 1983 Foxborough Sullivan Stadium 60 000[1]
3. september 1983 Toronto Canada Canadian National Exhibition Stadium
4. september 1983
5. september 1983 Buffalo USA Buffalo Memorial Auditorium
6. september 1983 Syracuse Carrier Dome
9. september 1983 Anaheim Anaheim Stadium
11. september 1983 Vancouver Canada Pacific National Exhibition Coliseum
12. september 1983
14. september 1983 Winnipeg Winnipeg Stadium
17. september 1983 Oakland USA Oakland Alameda Coliseum 57 920[1]
Asia
20. oktober 1983 Tokyo Japan Nippon Budokan 12 000[1]
21. oktober 1983
22. oktober 1983
24. oktober 1983
25. oktober 1983 Yokohama Yokohama Stadium
26. oktober 1983 Osaka Osaka Prefectural Gymnasium
27. oktober 1983
29. oktober 1983 Nagoya Kokusai Tenji Kaikan
30. oktober 1983 Suita Expo Commemoration Park
31. oktober 1983 Kyoto Kyoto Prefectural Gymnasium
Oseania
4. november 1983 Perth Australia Perth Entertainment Centre
5. november 1983
6. november 1983
9. november 1983 Adelaide Adelaide Oval
12. november 1983 Melbourne VFL Park
16. november 1983 Brisbane Lang Park
19. november 1983 Sydney RAS Showgrounds
20. november 1983 25 000[1]
24. november 1983 Wellington New Zealand Athletic Park 50 000[1]
26. november 1983 Auckland Western Springs Stadium 80 000–90 000[1]
Asia
3. desember 1983 Singapore Singapore Former National Stadium
5. desember 1983 Bangkok Thailand Thai Army Sports Stadium 9 000[20]
7. desember 1983 Hong Kong Hong Kong Hong Kong Coliseum
8. desember 1983

Songliste endre

Frå David Bowie

Frå Hunky Dory

Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars

Frå Aladdin Sane

Frå Pin Ups

Frå Diamond Dogs

Frå Young Americans

Frå Station to Station

Frå Low

Frå "Heroes"

Frå Lodger

Frå Scary Monsters (and Super Creeps)

Frå Let's Dance

Andre songar:

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 1,18 1,19 1,20 1,21 1,22 1,23 Flippo, Chet (1984). David Bowie's Serious Moonlight : The World Tour. Doubleday & Company, Inc. ISBN 978-0-385-19265-1. 
  2. Pimm Jal de la Parra, David Bowie: The Concert Tapes, P.J. Publishing, 1985, ISBN 90-900100-5-X
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 David Currie, red. (1985), David Bowie: The Starzone Interviews, England: Omnibus Press, ISBN 978-0-7119-0685-3 
  4. @ManMadeMoon (23. februar 2020). «Posted this to someone else, but it applies here too... It’s a great way to train for tours and dad did train this way for this tour. Each round is approximately the same length as a song, so if you can get your cardio up enough to do a full 12 or so rounds, you’re ready to go!» (Tweet) – via Twitter. 
  5. 5,0 5,1 Edwards, Henry; Zanetta, Tony (1986), Stardust: The David Bowie Story, 1986, ISBN 978-0-07-072797-7 
  6. 6,0 6,1 Gregory, Hugh (2003). Roadhouse Blues: Stevie Ray Vaughan and Texas R&B. Backbeat. s. 75–76. ISBN 9780879307479. 
  7. Scapeletti, Christopher (11. januar 2016). «Hear David Bowie and Stevie Ray Vaughan in 1983 Rehearsal». Guitar Player. Henta 5. september 2021. 
  8. «Soundboard Recordings of Stevie Ray Vaughan's 1983 Rehearsal with David Bowie in Dallas Texas». Forgotten Guitar. 5. september 2021. Henta 5. september 2021. 
  9. Barres, Pamela Des (1996). Rock Bottom: Dark Moments in Music Babylon. St. Martin's Press. s. 259. ISBN 9780312148539. 
  10. Mastropolo, Frank (11. januar 2016). «The History of David Bowie's Berlin Trilogy: 'Low,' 'Heroes' and 'Lodger'». Ultimate Classic rock. 
  11. Wilcken, Hugo (2005). Low. New York: Continuum. s. 24. ISBN 978-0-8264-1684-1. 
  12. Nicholas Pegg, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2004, ISBN 1-903111-73-0
  13. Morse, Steve (July–August 1987), «David Bowie (Cover Story)», In Fashion Magazine 3 (10): 151, 153 
  14. Rougvie, Jeff (15. november 2015). «It Was 26+ Years Ago Today Part 3 & Maybe 4 & 5, too». JEFF ROUGVIE HUB. Henta 5. september 2021 – via Squarespace. 
  15. «In Which It Is Neither The Plane Nor The Pilot». thisrecording.com. 
  16. Pond, Steve (March 1997), «Beyond Bowie», Live! Magazine: 38–41, 93 
  17. Cohen, Scott (September 1991), «From Ziggy Stardust to Tin Machine: David Bowie Comes Clean», Details magazine: 86–97 
  18. Graff, Gary (18. september 1987), «Bowie Is Back, And Bolder Than Ever His Controversial Glass Spider Tour Proves The Ageless Rocker Is Still Full of Surprises», The Orlando Sentinel, arkivert frå originalen 29. oktober 2013, henta 5. september 2021 
  19. «Billboard Magazine» (PDF). 28. januar 1984. s. 7. Henta 14. desember 2016. «David Bowie's 'Serious Moonlight' Tour of Australia and New Zealand ` .. eclipsed all previous concert attendance records Down Under. More the 80,000 people attended the final Australasian concert in Auckland. That's the single biggest concert ever in the Southern Hemisphere. 1nact, the audience outnumbered the fifth largest city -in New Zealand.» 
  20. https://www.youtube.com/watch?v=WOIRDZiE2KA&t=3s