Johan Aschehoug Kiær

norsk paleontolog og geolog

 

Johan Aschehoug Kiær
JohanAschehougKiær.jpg
Fødd11. oktober 1869
Drammen
Død31. oktober 1931
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdepaleontologi
Yrkepaleontolog, lærar, geolog, zoolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemKungliga Fysiografiska Sällskapet i Lund

Johan Aschehoug Kiær (1. januar 18691. januar 1931) var ein norsk paleontolog og professor ved Universitetet i Oslo frå 1909.[1]

Liv og virkeEndra

BakgrunnEndra

Han var son av Hagbart Kiær (1829–1931) og Simonine Aschehoug (1835–1905). Faren var prest.[2] Johan Kiær studerte først zoologi og sidan paleontologi i tre år under professor Karl Alfred von Zittel (1839–1904) ved Ludwig-Maximilians-Universität München, der han i 1896 tok doktorgraden med avhandlinga «Faunistische Übersicht der Etage 5 des norwegischen Silursystem sitt».

KarriereEndra

Han vende heim til Noreg og byrja frå 1901 å studera oversiluren. Undersøkingane resulterte i verket Das Obersilur im Kristianiagebiet, som gav han Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning for 1906.

 
Mixopterus kiaeri, oppkalla etter J. A. Kiær.

I 1909 fekk han eit nyoppretta professorat i paleontologi og hisorisk geologi ved universitetet i Kristiania. Samme året fann kona hans Elise Clementine (Kemma) Kiær (1878–1975) en fossil fisk ved Rudstangen på Kroksund i Tyrifjorden. Her fant dei ein devon-fauna med mellom anna restane av ein sjøskorpion som fekk namnet Mixopterus kiaeri etter han. Det var han som hadde ansvaret for ordninga av det geologisk-paleontologiske muséet i Oslo, som opna i 1920.

UtgjevingarEndra

KjelderEndra

  1. Johan Aschehoug Kiær i Store norske leksikon.
  2. Kiær i Store norske leksikon.