Geologisk museum
59°55′11.6″N 10°46′20.0″E / 59.919889°N 10.772222°E
Geologisk og paleontologisk museum vart oppretta i 1917 og er ein del av Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Museet vart til på initiativ frå geologiprofessor Waldemar Christopher Brøgger, og publikum fekk tilgang til utstillingane frå 1920. Då bygginga av nybygget til museet på Tøyen vart starta i 1911, var det 100 år etter at mineralsamlinga ved Bergseminaret på Kongsberg vart overført til det nye universitetet.
Bygninga er teikna av Holger Sinding-Larsen.[1]
Museet har ansvar for den vitskapelege samlinga til universitetet av bergartar, mineral og paleontologiske materiale. Museet husar òg eit forskingsbibliotek innanfor geologi.
Museet er opent for publikum parallelt med Zoologisk museum i nabobygget. Dei to musea ligg i monumentale, nasjonalromantiske steinbygningar i Botanisk hage på Tøyen i Oslo.
Kjelder
endre- ↑ Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, side 201, ISBN 978-82-573-1760-7
- Denne artikkelen bygger på «Geologisk museum» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Geologisk museum ved Naturhistorisk museum - Universitetet i Oslo.